Propellen si tid er snart forbi. Det meiner den russiske oppfinnaren og vitskapsmannen Magomet Sagov, mannen som gjennom dei siste to åra har han utvikla eit eit nytt framdriftssystem for skip som er langt mindre energikrevjande enn propelldrivne båtar.
Bølgjeenergi
Stikkordet er bølgjeenergi, og lærdommen har han henta frå fiskane og korleis dei tar seg fram i vatnet. Sagov har samarbeidd med Rolls-Royce Marine om utviklinga, som har gått føre seg i all løynd i frykt for industrispionasje, men Brennpunkt har følgt prosjektet frå kontakten vart oppretta til pionerfartyet vart sett på vatnet for få veker sidan.
Sendt til Sibir
Magomet Sagov har ein høgst uvanleg bakgrunn. Han vart fødd i Ingusjetia like før krigen, men han og familien vart eit offer for Stalins deportasjonspolitikk, og fire år gammal vart han sendt til Sibir, der han i dei neste tretten åra levde i ei jordhytte i umenneskelege forhold.
Trass i at mesteparten av familien bukka under, greidde Sagov å reise seg. Han skaffa seg høg utdanning og vart vitskapsmann og forskar og brukte naturen som læremeister. Gjennom sin vitskaplege karriere har han tatt patent på rundt 50 oppfinningar og levert 90 vitskaplege arbeid. Halvparten av dei var av ein slik karakter at sovjetstyresmaktene stempla dei konfidensielle.
Headhunta til Moskva
Tidleg vart Sagov headhunta til Moskva, der han først og fremst måtte gjere teneste for sovjetisk våpenindustri, og for det regimet som han hadde lidd så mykje under. Ei tid etter at jernteppet fall, flytte han til Noreg, i von om at han her kan bruke dei siste åra til å utvikle dei vitskaplege teoriane sine på ein måte som vil tene menneska.
I Brennpunkt fikk vi se den første oppfinninga som er utvikla i Noreg, lansert, ei oppfinning som med tida kan komme til å revolusjonere samferdsla.
Og han har meir på lager.