Mann i fengselscelle.

«Sonen din er arrestert. Han har brev- og besøksforbod.»

Dame med telefon.

Telefonen frå politiet snur opp ned på livet hennar.

Bananer.

– Drap eller smugling av eit tonn kokain i banankasser ville ha vore lettare å forholde seg til, seier «Mona».

Øye med tårer.

Sorga ingen sender blomstrar til

Sorga ingen sender blomstrar til

Har han gjort noko verkeleg ille?

«Mona» har ein gryande mistanke om kva dette kan gjelde.

Sonen har nemleg sona nokre månader i fengsel før.

Men sidan då har ho prøvd å stille opp. Ho har gitt alle dei råda det er mogleg å gje ein fullvaksen son. Og dei seinaste åra har det gått bra, så vidt Mona veit.

Samstundes har ho hatt mareritt om at det skulle skje noko igjen. At det skulle bli verre.

Det skal seinare vise seg at mistanken hennar er rett.

Mona er ikkje hennar verkelege namn. Kvinna frå Sør-Norge vil ikkje stå fram med namn i frykt for at ho eller sonen skal bli attkjent.

NRK kjenner identitetane deira.

Detaljar i nokre av bileta i denne saka er endra for å sikre anonymitet.

Ei mors historie

Når sonen blir arrestert, sluttar Mona fort å prate om korleis ho har det. Vener, familie og kolleger får vite så lite som mogleg om det som skjer på heimebane.

Likevel kjenst det som om ho har ein lyskastar midt i fleisen. Som om alle kan sjå alt.

Men aller helst vil ho berre viske vekk seg sjølv. Gøyme seg.

Anonym mor i speil. (Foto: Caroline Utti)

Ho trekkjer seg unna, og gjer elles det ho kan for å slippe å fortelje sanninga. Etter kvart sluttar ho å ta telefonen når folk ringjer.

– Eg lyg for å halde ting skjult. Og berre dét er tungt i seg sjølv. For eg er eigentleg ikkje ein sånn person - ein sånn som lyg og held ting skjult. Men eg gjer det for å beskytte meg sjølv, og for ikkje å utlevere han.

Samstundes svevar ho rundt i uvisse. Ho veit framleis ikkje kvifor sonen sit i fengsel, etter som han har brev- og besøksforbod.

Fyrst etter nokre månader får dei endeleg ha kontakt att. Det er eit lite lyspunkt.

Men elefanten i rommet får lite merksemd. Samtalane deira skrapar berre så vidt i overflata.

– Det går sjeldan djupare enn «Hei, korleis har du det?». Det er eit veldig vanskeleg tema å prate med sonen sin om, det som ligg til grunn for at han sit inne.

Illustrasjon: kollasj med familiebilder. Gutt i klovnekostyme til venstre, og mor og sønn til høyre.

Mona sit åleine heime i stova og blar i eit fotoalbum ho har laga til sonen. Sidene er fulle av blide fjes og små personlege tekstar.

På ein av sidene dukkar det opp ein liten gut i klovnekostyme og gul parykk. Han smiler frå øyre til øyre, og ser ut til å førebels ha få bekymringar i livet.

– Det var ingenting som tyda på at noko skulle gå gale då han var liten. No i ettertid har eg likevel lurt på om det var noko eg ikkje såg, noko han har opplevd eller sett. Men han seier at det ikkje var slik.

Som gut var han stille, roleg og høfleg, fortel Mona. Han gjorde det bra på skulen, og vart skildra som ein trygg gut som bidrog overfor dei rundt seg.

Det same gjaldt på heimebane.

– Han har alltid vore ein som stiller opp for alle rundt seg, også som vaksen. Snill og hjelpsam med mykje humor. Flink i jobben sin. Ein lun type, seier Mona.

Ho blar seg sakte frå perm til perm. Av og til stoppar ho opp og smiler forsiktig.

Over eit av bileta har ho skrive «Sola mi» med store, stolte bokstavar og tre utropsteikn.

Gutt på grå bakgrunn med blått hjerte foran ansiktet.

Sjokket

Våren 2023 har sonen til Mona sitte varetektsfengsla i nestan eit år.

I løpet av den tida har Mona bygd opp ein stadig høgare mur med bortforklaringar og kvite løgner. Ho har slutta å jobbe. Blitt meir innbitt og mindre sosial.

Dei få ho framleis har tett kontakt med, og som kjenner henne godt, seier at ho er ein annan. At ho langt på veg har mista seg sjølv.

– Det har vore ei ekstremt tung tid, med søvnlause netter og mareritt. Eg har vore i både sjokk og sorg. Hovudet fyllest med det heile tida.

Og veldig snart skal ting bli endå verre.

Foldede hender.

Plutseleg sender politiet ut ei pressemelding som blir plukka opp av landets største aviser.

Ein mann frå Sør-Norge er sikta for nettovergrep mot fleire titals mindreårige barn.

Mona får nyheita rett i fleisen utan forvarsel.

Ho skjønar fort at den overgrepssikta mannen er sonen hennar.

– Eg visste at han sat inne. Eg hadde jo snakka med han etter at han vart fengsla. Men eg kjente ikkje detaljane i saken, og var ikkje 100 prosent sikker på kva han eigentleg sat inne for. Så det å sitte og lese sånne detaljer i avisene, og høre om det på nyhetene ...

– Det var veldig overveldande. Det var det.

Sonen har tidlegare sona ein tilståelsesdom for å ha lasta ned og spreidd overgrepsmateriale. Men Mona har håpa og trudd at han var «forbi» det - at det var eit eingongstilfelle.

No er han mellom anna sikta for grov voldtekt av barn under 14 år.

Juridisk sett kan nemleg nettovergrep sidestilles med fysiske overgrep.

Dersom han blir dømt, riskerer han å måtte sitte i fengsel i inntil 21 år.

Kommentarer om nettovergrep.

Etter kvart begynner saka også å sirkulere i sosiale medium.

Ord som kastrering og dødsstraff går igjen.

– Veit dei kor mange dei skadar, dei som skriv slikt i sosiale medier? Dei fleste som blir tatt for noko har folk rundt seg - familie, vener og kollegaer, som også blir råka av kommentarar og prat, seier Mona.

Monster eller menneske?

Mona blir så lamslått at ho ikkje klarar å gå ut på fleire dagar.

Ho isolerer seg heime og søkk ned i ein stadig større pøl av kjensler.

Fyrst kjem sjokk, sinne og avsky.

– Eg har vore så sint at eg kunne ha slått han i hovudet med ein spade. Og usikker på om eg i det heile tatt ville sjå han.

Det er ikkje berre i kommentarfelta at han blir redusert til eit slags monster.

Illustrasjon Mørk mannsfigur med hvitt hjerte på brystet. Smuldrer stadig mer vekk.

Dei fine eigenskapane hans blir brått vanskelege å sjå, også for Mona.

Illustrasjon Mørk mannsfigur med hvitt hjerte på brystet. Smuldrer stadig mer vekk.

Alt det gode smuldrar liksom vekk.

Illustrasjon Mørk mannsfigur med hvitt hjerte på brystet. Smuldrer stadig mer vekk.

Han blir ei handling, meir enn eit menneske.

– Midt i det sjokket og avisoverskriftene, så er det vel eit monster eg ser sjølv også. Og dei forferdelege tinga han har gjort. Eg får masse bilete i hovudet, og ser for meg situasjonar med ungar og slikt.

– Eg har nokre gonger tenkt at viss han sat inne for drap eller smugling av eit tonn kokain i banankasser, så ville det ha vore lettare å forhalde seg til enn dette her.

Mona siktar til dei store kokainbeslaga som er gjort på bananlageret til Bama.

banan

Frå sinne til sorg

Av og til klarar ho å distrahere seg sjølv med blyant og papir, eller ein tur i skogen. Men det varar bare ei kort stund, før tankekøyret er i gang att.

Når det fyrste sjokket legg seg, susar kjenslene vidare som ein berg-og-dalbane ute av kontroll. Mona stupar ned i djup, djup sorg.

– Kva handlar den sorga om?

– Det er vel det at det ikkje har gått som ein såg for seg med ungen sin. Og så er det ein sorg på vegner av han, og korleis han har stelt i stand livet sitt. At så mange år av livet hans skal gå til å sitte i fengsel. På sett og vis, så er det jo ei sorg som... det føles jo litt som om eg har mista han.

– Det er ei sorg som ingen sender blomstrar til. Det er ingen som ringjer og seier «hei, korleis går det? Eg har høyrt nyheita om sonen din, og tenkjer masse på dykk.»

Samstundes ransakar ho seg sjølv. Ho prøver å forstå kva som kan ha gått gale. Har ho vore ei dårleg mor? Er det noko ho kunne gjort betre eller annleis for å forhindre dette?

En anonymisert kvinnefigur tegner et gråtende øye på et ark foran seg.

Krisepsykiatri

Mona tør ikkje å prate for mykje om kva ho står i fordi ho er redd for kva folk vil tenkje. Berre eit par av dei aller nærmaste kjenner til situasjonen.

Støtta ho får frå dei er gull verd. Men dét åleine er ikkje nok.

Etter å sjølv ha bede fastlegen om råd, tek ho kontakt med avdelinga for krisepsykiatri i heimkommunen.

– Men der blir eg avvist fordi eg ikkje er suicidal.

Dei fleste norske kommunar har såkalla kriseteam som «rykker inn» når folk blir utsett for, eller er vitne til, alvorlege hendingar.

Men som pårørande til ein som sit i fengsel, får ein ikkje automatisk tilbod om hjelp, råd eller behandling.

Mange blir ståande meir eller mindre åleine, som Mona.

Sjølv googlar ho seg fram til foreininga For Fangers Pårørande (FFP).

Det er fyrst då ho kjem i kontakt med nokon som forstår situasjonen ho står i.

Mange som «Mona»

– Eg trur at pårørande ofte ber både straffen og skammen på sine eigne skuldrar. Men det er jo ikkje dei pårørande som har begått ei straffbar handling. Dei er uskuldige i situasjonen dei har hamna i, seier Hanne Hamsund, dagleg leiar i FFP.

Og nettopp difor er det så viktig å få prata om det, meiner Hamsund. Sjølv om det kan vera vanskeleg.

Dagleg blir FFP kontakta av pårørande til folk som er arrestert, fengsla eller dømt for alle typar lovbrot.

Mange fortel at dei kjenner seg einsamme. I tillegg må dei ofte takle ein straum av vanskelege kjensler på same tid: alt frå skuld og skam til skuffelse, sorg og sinne.

Dette er FFP:

For Fangers Pårørande er ein landsdekkande organisasjon for pårørande til folk som sit i varetekt, fengsel eller som gjennomfører samfunnsstraff.

  • Alle tilsette er fagpersonar innanfor ulike felt, som til dømes kriminologi, familieterapi eller barnevernspedagogikk.
  • Har kunnskap om kriminalomsorg, lovar og reglar og om rettar og moglegheiter for pårørande.
  • Gir støtte og råd over telefon, e-post og chat.
  • Arrangerer treff og aktivitetar for både barn og vaksne.
  • Alle tilbod er gratis.

Rådgivingstelefon: 22 11 41 30

Mann i fengselscelle.

– Seksuallovbrot er særleg vanskeleg

Stadig fleire av dei som kontaktar FFP er pårørande til seksuallovbrytarar.

– Situasjonen deira kan nok vera ekstra vanskeleg både ovanfor omgjevnadene og innad i familien, mellom anna fordi det er så stor grad av fordømming mot slike lovbrot i samfunnet.

Nettovergrep får særleg mykje fokus i media fordi sakene ofte er store, meiner Hamsund. Det er gjerne snakk om fleire ofre og/eller timesvis med overgrepsmateriale.

– Pårørande i slike saker kan føle seg veldig ubeskytta mot det som kjem i media og som også gjerne blir spreidd i sosiale medium. Det kan opplevast brutalt.

Meiner hjelpetilbodet kunne vore betre

– Kunne noko vore gjort annleis, eller sett meir i system, for å hjelpe pårørande til folk i fengsel?

– Det kunne heilt klart vore meir hjelp til pårørande i den akutte krisesituasjonen som oppstår når eit familiemedlem blir arrestert for ei alvorleg handling.

Behovet for hjelp varierer samstundes frå person til person. Nokre får støtta dei treng innad i familien. Men for dei som treng meir hjelp, kan FFP vera ein fin stad å starte, meiner Hamsund:

– Me har høyrt det meste, toler å høyre det og er trygge å prate med.

Med jamne mellomrom arrangerer FFP eigne treff spesifikt for foreldrar med barn i fengsel.

Mona tør først ikkje å delta. Ho er redd ho vil vere den einaste med eit barn sikta for denne typen lovbrot, og at ho dermed vil føle seg åleine - igjen.

Men etter ei stund, etter at det fyrste sjokket har lagt seg, dristar ho seg til å prøve likevel.

– Fyrst var det skummelt å møte gruppa. Men så var det ei anna mor der som såg meg, og som nok skjønte at eg synest det var vanskeleg å opne meg. Ho tok ordet og fortalde om sin eigen situasjon, som viste seg å vere veldig lik min.

Kjensla av å vere einsam og rådvill er ein av grunnane til at Mona fortel sin historie.

Ho håpar det kan gjere at nokon der ute kjenner seg litt mindre åleine.

Dame med telefon.

– Det burde vore meir openheit rundt det å vere pårørande. Meir rom for å prate om det, meiner Mona.

– Ville skammen og sorgen ha vorte mindre då, trur du?

– Ja, skammen hadde vorte mindre viss ein kunne prate meir opent. Og sorgen ville i alle fall ha kjentest lettare å bere, seier ho.

I følgje FFP er det vanleg at pårørande ber både straff og skam på eigne skuldrar. Sjølv om dei er uskuldige i situasjonen dei har hamna i.

Mona veit jo eigentleg at dette ikkje handlar om henne, men det tek tid å finne att den balansen.

– Eg tenkjer jo at han er sjuk og treng hjelp.

Etter kvart blir det klart at sonen hennar truleg vil måtte sitte i fengsel i lang tid.

Ein ny fase

Mona går over i ein ny fase, med nye bekymringar og spørsmål.

– Eg er redd for at han skal bli banka, eller i verste fall drepen, viss nokon finn ut kva han sit inne for. Og den bekymringa er ikkje grunnlaus. Eg har både lest og høyrt om ting som har skjedd med folk som sit inne for seksuallovbrot.

– Eg er også redd for at han skal finne på å skade seg sjølv.

Og ho er redd for korleis livet hans blir viss eller når han slepp ut att.

– Eg er redd han ikkje vil få den hjelpa og behandlinga han treng for å kunne kome seg vidare. Viss han ein dag blir sleppt ut att, kjem han til å ha hovudet på rett plass då? Eller blir dette eit evig mareritt?

Kva no?

Situasjonen har øydelagd relasjonar og skapt splid i familien.

Sonen hennar har eigne barn ho gjerne vil vere farmor til. Men no har dei meir eller mindre mista kontakten.

Mona er førebels ikkje tilbake i jobb, og veit heller ikkje om ho klarar å kome seg tilbake.

Et gammelt bilde av en ung gutt med et håndtegnet, blått hjerte foran ansiktet.

Det einaste Mona veit er at ho gjerne vil fortsette å vere mor så langt det let seg gjere.

Dei gode sidene hans er ikkje borte, sjølv om han har gjort noko forferdeleg. Det klarar Mona å sjå no, etter litt tid.

Han er framleis sonen hennar, og ho kan ikkje anna enn å stille opp.

– Han er jo framleis den vesle guten eg leide til skulen fyrste skuledag.

---

Sonen til Mona er no dømt for tilfella av nettovergrep som han vart sikta og seinare tiltalt for.

Han er kjent med innhaldet i denne saka, men ynskjer ikkje å kommentere.

Hei!

Takk for at du leste heilt ned hit. Fekk denne saka deg til å stoppe opp å tenkje på noko, eller kjenner du deg att? Er du kanskje pårørande til nokon som sit i fengsel?

Skriv gjerne til meg viss du har ei historie å fortelje, eller viss du har tips til heilt andre saker du meiner eg bør sjå på. 

Tidlegare har eg mellom anna jobba med desse sakene: