Delina Kelaeb (17) har på seg en svart jakke og hvit bluse. Hun ser inn i kamera og smiler.

Delina Kaleab (17): – Det blir bakeverk fleire gonger i veka.

Julian William Benjamin (18) sitter og jobber på biblioteket. Han har på seg en grå og hvit Nike jakke.

Julian William Benjamin (18): – Mange av vennene mine tek ofte med seg godteriposar til timen.

Aurora Western (18) sitter og jobber med skolearbeid på Drammensbiblioteket. Hun har på seg en grønn collegegenser og et svart pannebånd.

Aurora Western (18): – Eg drikk energidrikk eller brus kvar dag.

Simen Røsland Johansen spiser burger på McDonalds med kompisen.

Simen Røsland Johansen (20): – Det blir fort «Mæccern» nokre gonger i veka fordi det er lett og smaker godt.

Spicy Chicken Nuggets meny fra Mcdonalds.

Unge + Fastfood = sant ?

Stadig fleire unge vel fast food framfor salat

Dei er blant mange unge som får i seg for mykje usunn mat og drikke.

Ei ny undersøking frå Kreftforeningen viser at unge et meir sukker og hurtigmat enn før. Tala frå rapporten uroar forskarane.

Andelen unge mellom 16 og 24 år som et fast food kvar dag har nemleg auka frå 5 til 9 prosent dei siste 2 åra.

Det er også ein auke i andelen unge som et snacks, godteri og søte bakarvarer fleire gonger i veka.

Heile 1 av 10 unge et snacks eller godteri kvar dag, viser ungdomsundersøkinga i år.

Eit billig alternativ

Ungdommane seier at dei ofte vel usunn mat fordi det er billig og lettvint.

Delina et ordentleg og sunn mat når ho er heime med foreldra, men fell lett for kjappe og billige alternativ på skulen.

– For at eg skal kjøpe meir sunn mat må prisane gå ned. Det som er sunt er dyrt, mens det som er usunt er veldig billig, seier ho.

Delina Kaleab

Delina går ofte innom eit bakeri for å kjøpe billige bakarvarer når ho er på skulen.

Foto: Balsharan kaur / NRK

Likevel trur ho ikkje at det er berre prisane som påverkar matvanane hos jamaldrande.

– Mange av vennene mine bruker sosiale medium for å finne mat- og drikkeanbefalingar. Eg har sett godteributikken Fast Candy på TikTok og hatt lyst til å dra dit veldig lenge, fortel Delina.

Les også Når Amina legger ut et innlegg, tømmes butikkhyllene: – Sjokkerende

Fra Amina Sharifi legger ut et innlegg på TikTok, tar det ikke lang tid før godteri-hyllene er tomme. Det gjør generalsekretær i nasjonalforeningen for folkehelsen, Mina Gerhardsen, bekymret.

Dei fleste anbefalingane og matreklamane Delina har fått på TikTok har vore om usunn mat og snacks. Ho trur ikkje ho er den einaste som får slike oppfordringar.

Simen har elska søtsaker så lenge han kan hugse.

– Eg har alltid vore veldig glad i søte ting. Før pleidde eg å ete ei halv sjokoladeplate om dagen, og all godis eg kom over. Eg kunne ete det når som helst for litt ekstra kos.

Men etter å ha blitt utfordra i militæret, prøver han å slutte heilt med sukker.

Simen Røsland Johansen spiser på McDonalds.

Simen trenar mykje, og trur derfor det går fint med litt junkfood i blant.

Foto: Balsharan Kaur / NRK

– Eg kjenner at eg er rastlaus, for eg har ikkje ete noko sukker eller godteri sidan laurdag kveld, fortel han.

Sjølv om Simen har slutta med sukker et han framleis hurtigmat.

– Det er veldig lett å bestille og få det levert på døra. Eller ein frosen pizza heime. Det smaker jo veldig godt.

Simen trur mange unge ikkje veit korleis ein lagar god mat, og dermed heller bestiller.

– Eg trur det ville hjelpt viss ein lærte å lage mat som faktisk smaker godt. Og ikkje den kjedelege maten ein lagar på mat og helse på skulen, meiner han.

Fleire unge blir ramma

– Overvekt og fedme er ein viktig risikofaktor for kreft. Vi er bekymra over at mange unge et feitt og sukker så hyppig som dei gjer, seier seksjonsleiar for førebygging i Kreftforeningen, Sara Underland Mjelva.

I dag lever mellom 15 og 21 prosent av barn og unge i Noreg med overvekt, 1/6 lever med fedme, seier Mjelva.

Seksjonsleder for forebygging i Kreftforeningen Sara Underland Mjelva ser inn i kamera, hun har på seg en prikkete bluse og sitter foran en fargerik vegg.

– Vi må prøve å lage eit samfunn som gjer det lettare for fleire å ta dei gode vala, seier Mjelva.

Foto: Kreftforeningen / Jorunn Valle Nilsen

– Det vi synest er bra, det er jo at halvparten et grovbrød og grønsaker kvar dag. Det er framleis eit stykke frå tilrådingane, men likevel betre enn venta, påpeikar Mjelva.

Seksjonsleiaren trur det er fleire grunnar til at fleire av dei unge et meir usunn mat.

– Vi veit jo at mange av dei usunne alternativa er billigare og lett tilgjengeleg. Det er veldig mange stader ein får kjøpt hamburgar, pølser, godteri, bollar og brus i dag.

Eit globalt problem

Mjelva påpeikar at andelen overvekt og fedme aukar i alle land i verda. Det er ingen land som foreløpig klarer å snu den trenden.

– Vi har ein kjempejobb å gjere med å skjerme barn og unge. Vi må sjå på dei store tiltaka og korleis vi kan bidra til å gjere det lettare for alle å ta dei sunne vala. Både gamle og unge, og rike og fattige, seier ho.

Ho trur eit reklameforbod og prisauke på usunne varer vil vere eit steg rett retning.

Må ha meir kunnskap om mat

Julian studerer matproduksjon. Han fell for dei usunne freistingane innimellom, men prøver å spare kosen til enkelte dagar.

Julian fortel at han har fleire venner som ofte kjem til skuletimen med fulle godteriposar og energidrikkar.

– Når vi går på Kiwi kjøper dei ofte cookiane, smågodt og energidrikke. Ein får kjapp energi av ein bolle, energidrikk eller brus. Så eg forstår at det er lett å velje, seier Julian.

Julian William Benjamin (18) sitter og jobber på biblioteket. Han har på seg en grå og hvit Nike jakke.

Man får kjapp energi av ein bolle, energidrikk eller brus. Dermed er det lett å velje, seier Julian.

Foto: Balsharan Kaur / NRK

Han trur vennene hans ville tatt betre val viss dei hadde meir kunnskap om mat og kosthald.

For han har «cheat days» vore løysinga, der det er visse dagar der han tillèt seg å ete det han vil.

Vil ha forbod mot marknadsføring av usunn mat

– Unge bruker mykje tid på sosiale medium. Dei blir eksponerte via influensarar, men også produsentar som marknadsfører produkta sine på digitale flater, seier Mjelva i Kreftforeningen.

Les også Stopper markedsføringen av denne på TikTok: – Ulovlig markedsført mot barn

Oskar Westerlins sjokoladebolle i butikk

Då Oskar Westerlin reklamerte for sjokoladebollane sine blei det utselt. Det viser at direkte og indirekte reklame av usunn mat og drikke påverkar dei unge, seier seksjonsleiaren.

– Mange ønsker å vere som førebilda sine og gjere som dei. Dermed vil det å få på plass eit marknadsføringsforbod, tene barn og unges helse, både i dag og på sikt, seier ho.

Eit større samfunnsproblem

Divisjonsdirektør folkehelse og førebygging i helsedirektoratet, Linda Granlund, seier dei er bekymra over det aukande inntaket av usunn mat til unge.

– Viss du har eit usunt kosthald når du er barn og ungdom, er det lett å ta med seg det over i vaksen alder. Det er eit av dei viktigaste risikofaktorane for dårleg helse og tidleg død, seier ho.

Granlund seier dei dårleg kosthaldsvala er del av eit større samfunnsproblem.

Linda Granlund, divisjonsdirektør i folkehelse og forebygging i Helsedirektoratet.

Divisjonsdirektør i folkehelse og førebygging, Linda Granlund.

Foto: Finn Oluf Nyquist / Helsedirektoratet

– Samfunnet i dag er sett opp slik at det er lett å ete usunt. To viktige ting som speler ei rolle er pris og tilgjengelegheit. Det er veldig lett å ete altfor mykje sukker, kake, kjeks, godteri og brus. Du blir eksponert for det mange stader, seier ho.

Helsedirektoratet jobbar saman med skulane for å driva opplysningsarbeid om mat, kosthald og aktivitet mot dei unge.

Granlund trur det trengst fleire drastisk tiltak for å kunna snu denne utviklinga, men tenker eit reklameforbod mot usunn mat er ein god start.

– Vi kan jo samanlikne med då røykelova som kom for tjue år sidan. Det var eit veldig modig grep av politikarane den gongen, men som har hatt veldig stor påverking på kor mykje folk røyker og populært det er. Det er modige grep ein må ta nokre gonger, seier ho.

Jobbar med ei lovendring

I juni 2023 i fjor blei Stortinget einige om eit forbod mot marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot alle under 18 år.

Målet med eit marknadsføringsforbod overfor barn er å verne barn og unge betre mot påverking, og gjere det enklare å velje sunt. Samtidig kan vi dempe kjøpepresset mot foreldra, seier statssekretær Karl Kristian Bekeng i Helse- og omsorgsdepartementet

Regjeringa planlegg å sende ut eit høyringsnotat etter sommaren. Bekeng presiserer at det vil ta tid å få eit eventuelt forbod på plass.

Karl Kristian Bekeng, statssekretær i Helse- og omsorgsdepartmentet, fra Arbeiderpartiet

Vanar som blir innarbeidde i barne- og ungdomsåra kan vare livet ut. Derfor er det viktig å legge til rette for eit sunt kosthald og gode matvanar i barnehage, skule og SFO, seier statssekretæren.

Foto: Esten Borgos / BORGOS FOTO AS

Han seier at dei spesielt er bekymra over den aukande bruken av energidrikk blant barn og unge.

Bekeng understrekar at dette handlar om å avgrense korleis ein reklamerer for usunne matvarer, og ikkje noko forbod mot produkta.

Ostepop er godt, men reklamar som foreslår at det bør vere ein del av skulematen, bør vi unngå.

Fargerikt godteri i en gjennomsiktig skål som fylles og tømmes i kjapt tempo

Hvorfor spiser vi lørdags­godt?