Hopp til innhold

Jobbsøkar Audun (65) får ikkje napp: – Trudde aldri det skulle bli så vanskeleg

«Dei eldre er ein ressurs», skrik arbeidslivet og rekrutteringsbyråa. Tidlegare Nesbyen-ordførar Audun Aasheim skriv jobbsøknader så krampa tar'n. Men det endar berre med avslag.

Valgvake med Bygdelista på Gøtt Pøbb i Nesbyen. Audun Aasheim (til venstre) er lokallagets andrekandidat.

Eks-ordførar Audun Aasheim har ein allsidig CV, men får ikkje utteljing på jobbsøknadene. Her frå valvake med Bygdelista på Nesbyen i fjor. Han var andrekandidaten frå lokallaget.

Foto: Frida Synnøve Høyås / NRK

– Eg kjenner sjølv at eg er ganske godt kvalifisert. Da er det litt underleg at ein ikkje eingong får komme til intervju. Eg er redd dei ser på fødselsåret, og at det er uinteressant av den grunn.

65 år gamle Audun Aasheim er arbeidsledig, arbeidslysten og ikkje minst frustrert.

Han trur det er mest tomme og fagre ord når arbeidslivet gong på gong forsikrar at «eldre folk er ein ressurs».

– Enda eg i alle jobbar eg har søkt på, har sagt at eg har tenkt å jobbe til eg er 70 eller 72 år.

Korleis kjennest det å få avslag på avslag?

– Eg trudde jo aldri at det kom til å bli så vanskeleg ... eg har eit stort ønske om å jobbe. Men når ein søker og søker og berre får avslag – ja, da blir du jo litt lei etter kvart og tenker: Er det nokon vits i å søke fleire jobbar?

Det var Hallingdølen som omtalte saka først.

30-åringen eller 60-åringen?

Espen Horsrud er dagleg leiar i rekrutteringsselskapet Promiso. Han er ikkje i tvil: Dei eldre er ein ressurs for arbeidslivet.

– Mykje kompetanse og mykje erfaring. Kan absolutt ha mykje å bidra med i arbeidslivet.

Reint hypotetisk: Ein 30-åring og ein 60-åring stiller forholdsvis likt til ein jobb. Kven hadde rekrutteraren valt?

– Det er eit godt spørsmål. Vi som rekrutterer er litt styrt av oppdragsgivar òg, med omsyn til kva dei tenker, svarer Horsrud og trekker fram element som ikkje nødvendigvis står på CV-en, og som han meiner kan vere avgjerande.

Espen Horsrud

Espen Horsrud er dagleg leiar i rekrutteringsselskapet Promiso.

Foto: Promiso

– Motivasjon. Nysgjerrigheit. Og vilje til å vere framoverlent.

Horsrud meiner vi som samfunn bør jobbe med å forandre tankegangen med omsyn til eldre arbeidssøkarar. Sjå moglegheiter i staden for avgrensingar.

– Det er mange gode eksempel på at det er mykje god arbeidskraft igjen hos dei som har jobba i mange år.

Les også – Prinsessedraumen var å køyra tømmerbil

Nikoline Thengs


– Kor mange over 55 år har du tilsett det siste året?

– Eg har tilsett færre over 55 enn under 55. Så det er ingen tvil om at det er relevant det spørsmålet de stiller med tanke på korleis arbeidsmarknaden tar imot dei som har fleire år på baken. Ingen tvil om det.

Horsruds tips til eldre arbeidssøkarar er:

  • «Legg bort» alderen – ikkje gå inn i ein samtale med eit «tillegg»
  • Stol på eigne ferdigheiter
  • Vis motivasjon
  • Ver framoverlent

– Og å skaffe seg ein konto på TikTok?

– Ja, ja, ja. Ikkje dumt, ler Horsrud.

Ordførar, krematorium og det private næringslivet

Tilbake til Audun Aasheim som er både motivert og framoverlent. Om han har ein TikTok-konto, er ikkje visst.

18 søknader har Aasheim sendt. 15 av dei har han fått nei på. Dei andre har ikkje svart. På spørsmål om kva slags grunngiving han har fått på avslaga, svarer han:

– Stort sett inga grunngiving.

Aasheim har ein CV som gjer at han skil seg ut. Blant anna har han vore ordførar i Nesbyen i 12 år.

– Er den gamle bjørnen framleis svolten, da?

– Ja, haha. Altså ordførar er jo ein veldig spesiell jobb, så det er jo på ein måte ikkje noko rekruttering for nokon annan jobb enn at du er vand til å jobbe i eit system, jobbe med folk rundt deg, sette ting i gang og altså vere eit midtpunkt i ein aktivitet.

Les også Bernt (89) jobber hver dag – mener flere eldre må få gjøre det samme

Kjøpmann Bernt Røthe (89) på kontoret sitt i Namsos.

Aasheim har utdanning innan økonomi og administrasjon. Han har jobba i det private næringslivet, og i kyrkja i over 15 år.

Han synest derfor det er rart at han ikkje er meir aktuell eller relevantikkje minst med tanke på at han har søkt jobbar innanfor dette arbeidssegmentet:

  • Politisk sekretær
  • Kyrkjeverje
  • Dyrekrematoriemedarbeidar

– Alle snakkar om at eldre er ein ressurs. Vi må jobbe lenger og lenger for å få pensjon, etter kvart som alderskullet lever lenger. Eg har jobba i 42 år sidan eg var ferdig med utdanninga – og eg er klar for innsats i fleire år til.

Les også Fotballklubben skal hjelpe folk i arbeid: – Viser at de bryr seg

Daniel Opsahl Martinsen viser frem SIF-tatoveringen sin på Marienlyst stadion.