Hopp til innhold

– Prinsessedraumen var å køyra tømmerbil

Under 2 prosent av kvinner har dette yrket i Noreg. For Nikoline Thengs (23) var det aldri noko alternativ: Ho har nærast vakse opp i ein tømmerbil i skogen.

– Nyhogd tømmer er den beste lukta som er!

Tunge tre bukkar helsande under vekta av det siste fallet med kvitt. Me er på ein nedsnødd veg langt inni skogen på Ringerike.

Med konsentrert blikk dreier tømmerkøyraren Nikoline Thengs (23) leikande lett på rattet på den store bilen og manøvrerer den elegant på plass, framfor nyhogd tømmer.

Den unge, men erfarne sjåføren hoppar ut av førarhuset. Klar for arbeid.

– No skal eg bruka denne her, for å få dette tømmeret der, oppå bilen her. Og då styrer eg alt herfrå, seier ho og peikar først på ein stor stabel 100-meterskog med tømmer før ho vender blikket peikande mot krana bak på planet.

Nikoline Thengs

Det er store arbeidsverktøy som blir handterte.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

60 tonn mot 60 kilo

Tømmeret som skal lastast veg 60 tonn. Det gjer ikkje Nikoline.

– Eg veg 60. Manglar nokon nullar, seier ho og ler lettbeint i tresko med ullsokkar.

Så svingar ho seg bak spakane på krana. Den blir heist nokre meter til vêrs. Klart til lossing.

– Utsikten er heilt nydeleg, seier ho frå kranførarhuset nokre meter over bakken.

– Det er jo postkort utan like. I alle fall no som det kom meir snø, vinteren er den finaste årstida. Eg kan sjå på dette i timevis.

– Kva ser du når du er her?

– Berre stille og ro. Og dyr, det elskar eg, svarer ho.

Nesten som bestilt spring to elgar innover i skogen; ku og kalv i djupe tråkk.

Elg

TV-journalisten rakk så vidt å fanga dei to elgane på sprang.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Det er heilt magisk, noterer tømmerkøyraren frå Hallingby.

– I løpet av dagen ser eg ofte hare, grevling og rådyr. Og så er det jo elg, støtt og stadig, legg ho til.

Men ho er ikkje her for å beundra naturen. Tømmeret må fraktast.

Kjetting og tresko

Gripekloa byrjar å løfta og lempa. Nikoline har full kontroll på den digre krana. Trea blir lasta opp på vogntoget med stoisk ro og stor presisjon.

Nikoline Thengs

Nikoline Thengs plukkar tømmer.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Når tonnasjen av tømmerstokkar har vorte lempa bakpå planet, må lasta sikrast forsvarleg. Nikoline sleng kjetting rundt trestokkane. Ser til at alt ligg slik det skal.

– Ja, no er det fint med tresko ... gliser ho medan beina forsvinn i den djupe snøen.

Arbeidet krev kvinna si.

Nikoline Thengs

Kanskje ikkje heilt skodd for utearbeid ein iskald vinterdag?

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Manglar sjåførar i transportbransjen

Det er nok ikkje mange 23 år gamle kvinner i Noreg som driv med tømmertransport.

Dei færraste ungjentene drøymer kanskje om tresko, ullsokkar, 60 tonn tømmer, digre lastebilar og det å ferdast åleine på mørke skogsvegar. Eller?

– Tja, no sit ikkje eg på nokon konkrete tal eller statistikk, byrjar Dag Skjølaas, rådgjevar i Norges Skogeierforbund, då me ringjer for å høyra kor sjeldan Nikoline er i denne samanhengen.

Så legg han til.

– Eg tviler dessutan på at det finst nøyaktige tal. Men eg trur ikkje eg tek feil viss eg seier at det er færre enn fem kvinnelege tømmerkøyrarar.

Dag Skjølaas

Dag Skjølaas i Norges Skogeierforbund

Foto: Njål Svingheim

Mange «tømmermenn» i Noreg

Han nemner at det rullar omtrent 250 tømmerbilar på norske vegar.

Viss det då er så «mange» som fem kvinnelege sjåførar i Noreg, tilhøyrer Nikoline ein prosentdel på 2 prosent.

Tømmerkjører

Dei færraste veit at det er ei jente på 23 år som køyrer lasta på 60 tonn tømmer ut av skogen.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Korleis er rekrutteringa til yrket?

– Det er manko på sjåførar generelt i transportbransjen. Men eg trur med tryggleik at dei som køyrer tømmerbil trivst godt med fridommen og nærleiken til naturen. Så er det jo ganske godt betalt då, freistar Dag Skjølaas.

Førebilete i mor og far og «dei gamle kara»

Nikoline seier ho trivst her ute i skogen. På sett og vis kan ein nesten seia at kongla ikkje fell langt frå stammen.

– Prinsessedraumen var å køyra tømmerbil, det har det alltid vore.

Nikoline Thengs

Lasta må sikrast.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Kvifor det?

– Eg er jo oppvaksen i ein tømmerbil. Både mamma og pappa køyrde då eg var liten. Og alle dei gamle, gode kara som køyrde her, dei har vore store førebilete heile livet.

Lasta er sikra.

Nikoline børstar av seg snøen og klyv opp i førarhuset. No ventar 10 mil på vegen mot tømmerterminalen i Drammen. Ho har fått kjenna på kreftene i last og køyretøy.

– Eg heldt på å velta. Først bilen ein stad. Så hengjaren ein annan. Men det gjekk fint.

Dette skremmer ikkje jenta frå Hallingby.

Det er berre å ta det roleg og i sitt eige tempo. Då går det som regel bra, seier ho.

Nikoline Thengs

Tømmeret er lasta. No byrjar køyreturen for Nikoline Thengs.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK