Hopp til innhold

Ikkje snauklipp hunden i varmen

SOLBERGELVA (NRK): Ikkje alle hundar har godt av ein hårklipp for å gjere varme dagar betre.

Molly er klar for sommarklippen

KLAR FOR NY FRISYRE: Molly er klar for å få årets sommarklipp.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Me har hatt stor pågang no. Folk ringer for å bestille time, men me har ikkje noko ledig, seier hundefrisør Anita Szabo.

På Bisken hundefrisør i Solbergelva er det no to månader lang ventetid for å få ein time.

Skal du klippe hunden for å gjere sommardagane svalare for han må du sjekke kva pels han har.

Kort og stri pels beskyttar

For nokre hundar kan ein hårklipp gjere dagar i varmen betre. Bruer jobbar hjå Bisken hundefrisør i Solbergelva saman med hundefrisør Anita Szabo.

Molly har fått sommarklippen

FERDIG KLIPT: Molly har fått sommarklippen etter bestilling frå eigaren. Klippen rundt øyra og hovudet er ikkje typisk for rasen fortel hundefrisør Anita Szabo.

Foto: Privat

– Dei med tolagspels, som golden retriever og samojed, skal ikkje klippast. Overpelsen deira kan bli øydelagt av klippen. Dei skal ha ein vask og bli føna for å få ut gammal underull, seier Szabo.

For desse hundane beskyttar overpelsen mot varmen.

Molly får sommarklippen

KORTARE PELS: Hundefrisør Anita Szabo gjer Molly klar for sommaren. Først går ho over kroppen med maskin og tek bein og hovud med saks.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Lite eller ingen pels – bruk solkrem

– Ryggen er alltid i sola, so den er det viktig å smørje inn. Ansiktet er og utsett for å bli solbrend. Stader på kroppen deira med tynn hud er viktig å smørje med solkrem, seier hundefrisør Mathilde Bruer.

Ho eig ein nakenhund som heiter Jazz. Han treng eit lag med solkrem før han går ut i sola.

– Nakenhundar og hundar med veldig kort og tynn pels som har rosa hud er det fint å smørje inn med solkrem. Du kan òg kle på dei ein tynn pysj for å hindre at dei blir solbrende.

Jazz får solkrem

KLAR FOR SOLA: Hunden Jazz får eit lag solkrem som skal beskytte han frå å bli solbrend.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Blir raude i huda

Du ser dei same symptoma på solbrend hud hjå hundar som menneske. Huda deira blir raud og sår.

– Når hundar blir solbrende ser du at dei sleikjer seg på det området. Om hunden din er solbrend kan du kle han i ein pysj eller bruke ei plastkrage som du får hjå dyrlegen. Då får han ikkje sleikje på såret og det blir fortare betre, seier Bruer.

– Du kan òg smørje inn det solbrende området med aloe vera.

Bruk ein nøytral solkrem

Jazz blir smurt inn med solkrem

MÅ HA SOLKREM: Nakenhundar som Jazz treng solkrem for å ikkje bli solbrende.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

For å beskytte hunden må du bruke solkrem med solfaktor 30 eller høgare. Hundehelse.no skriv at ein nøytral solkrem, utan stoff som sink, er det beste for hunden då dei kan sleikje i seg solkremen.

– Det er lurt å gi hunden ein vask på kvelden då solkremen kan tette porene deira, slik som hjå oss, seier Bruer.

Hunden treng vatn i varmen

Jazz kosar seg i sola

KOSAR SEG: Med solkrem på kroppen kan Jazz springe rundt i solsteika.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Med solkrem på kroppen kan Jazz kose seg ute. Men han må framleis passe seg for å ikkje bli for varm i sola.

Mathilde Bruer har og nokre tips til korleis du kan gjere varme dagar betre for hunden din.

  • – Vatn er viktig. Dei kjøler seg ned ved å drikke kaldt vatn.
  • – Vask magen, brystet og ansiktet. Hundar sveittar ikkje på same måte som oss og treng hjelp til å kjøle ned kroppen.
  • – La dei ligge i skuggen på kaldt gras. Kaldt gras er godt for hunden.

Les også: Gislefoss: – Nå ryker varmerekordene!