Hopp til innhold

Vegvesenet vil redde utryddingstruga fugl

For første gong lagar Statens vegvesen ein fuglepark parallelt med ny motorveg.

Vipefugl i luften

Vipebestanden har gått kraftig ned dei siste åra.

Foto: Anne Gri Stenbråten Henriksen / Birdlife, Norge

Ein ny firefelts motorveg er under bygging på Hadeland. Meter for meter jafsar han i seg kulturlandskapet. For fuglane som hekkar her, betyr det at dei får innskrenka leveområdet sitt.

– Tre av fire vipereir, har gått tapt i år, fortel miljørådgivar i Statens vegvesen, Even Stensrud.

Vegvesenet har sjølv kartlagt naturmangfaldet i området der dei byggjer ny riksveg 4.

Even Stensrud, miljørådgiver, Statens vegvesen

Miljørådgivar i Statens vegvesen, Even Stensrud.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

No vil dei sette av eit område i Lunner til fuglepark. 25 mål skal leggjast spesielt til rette for vipe.

Vipebestanden minkar dramatisk

– Vipa har så utruleg mange utfordringar, at eg nesten ikkje veit kor eg skal begynne.

Anne Gri Stenbråten Henriksen i Birdlife veit kva ho snakkar om. Fugleteljing tyder på at vipebestanden har minka med rundt nitti prosent dei siste 20 åra. Fuglen blir no rekna som kritisk truga.

Anne Gri Stenbråten Henriksen

Anne Gri Stenbråten Henriksen i Birdlife Noreg

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Når desse trekkfuglane kjem hit til kjærleikslandet Noreg for å reprodusere, har dei kanskje alt mista fleire liv i utlandet, under vinteropphaldet sitt, på grunn av jakt.

Effektivt jordbruk øydelegg

Vipemor legg egga sine rett på bakken, gjerne på eit jorde. Ein dårleg strategi, med tanke på både rovdyr og traktorar. Måten me dyrkar jorda på, gjer det også vanskeleg for vipa. Ho treng fuktig mark der ho skal leva.

– Effektivisering i jordbruket gjer at me drenerer vatnet bort frå åkrane. Det fører til tap av leveområde, forklarar ornitologen.

Vipefugl
Foto: Anne Gri Stenbråten Henriksen / Birdlife

Det er nettopp dette Statens vegvesen no vil bøte på. På eit jorde, som vart kjøpt opp i samband med vegutbygginga, skal det lagast både vasskanal og dam.

Etter regelen, skal all dyrka mark førast tilbake til jordbruket når vegen står ferdig. Akkurat denne jordlappen er så utsett for flaum at ingen bønder vil ha han. Men for vipa blir området perfekt.

– Eg drøymer om ein stor vass-spegel med små øyer som er trygge for rovdyra, fortel Even Stensrud entusiastisk. Håpet er at dette skal bli eit ope område med store samlingar av all slags fugl på trekk.

– Så får me tru at vipa vil bruke det, og både vil hekke og beite her i åra framover.

Vipeunge

Det er for få vipeungar som veks opp.

Foto: Anne Gri Stenberg Henriksen / Birdlife
Vipereir med egg

Vipa legg egga sine rett på bakken

Foto: Tordis Gauteplass / NRK
Even Stensrud, miljørådgiver i Statens vegevesen, kledd i vegvesenklær ser i en kikkert.

Miljørådgiver Even Stensrud i Statens vegvesen kartlegg naturmangfaldet der den nye motorvegen skal gå.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK
Området for fugleparken ligger rett nedenfor den gamle riksveg 4

Fugleparken skal ligge sør for den gamle traseen til rv.4

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ingen ekstra kostnader

Statens vegvesen vil nytte ledig kapasitet hjå entreprenøren no, medan dei bygger motorvegen. På denne måten kjem ikkje fugleparken til å sprenge vegbudsjettet.

Ornitolog Anne Gri Stenbråten Henriksen helsar tiltaket velkomen, og håpar det set standarden for alle kommande vegprosjekt.

Per Kollstad og Even Stensrud fra Statens vegvesen sammen med Anne Gri Stenbråten Henriksen fra Birdlife Norge står på jordet som skal bli fuglepark på Lunner.

Her på sørsida av gamle rv. 4 skal fugleparken ligge

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Dersom vipa likar seg, så betyr det at mange andre artar også har det bra. I dette kulturlandskapet er både songlerke, buskskvett og gulsporv døme på fugleartar som også har det trasig.

Even Stensrud trur det kjem til å bli meir av dette framover.

– No er fokuset retta mot å leggje til rette for naturmangfald, så eg har tru på at me kjem til å bli endå betre på dette. Me gjer store inngrep, og då må me erstatte, restaurere og føre tilbake.

Det er første gongen Statens vegvesen byggjer ein såkalla fuglepark. Arbeidet startar etter sommaren. Når hekkesesongen startar til våren, skal alt vera klart.