Hopp til innhold

Stal ei flaske whisky - utvist frå Noreg dagen etter

Tjueåringen kom til Noreg frå Romania med ein hundrelapp i lommeboka. Han stal ei flaske brennevin på Vinmonopolet og vart utvist allereie dagen etter.

Vinmonoppolet

Mange utlendingar veit ikkje at vegen ut av landet kan vere kort dersom ein stel. Tjuveriet av ei flaske sprit på Vinmonopolet i Drammen førte til utvising av ein rumensk mann, dagen etter at han vart arrestert (Illustrasjon).

Foto: Vigdis Wågø-Wares / NRK

– Folk er ikkje klar over kor strenge reglane kan vere, seier overbetjent Roger Hansen i utlendingsseksjonen i Søndre Buskerud politidistrikt.

Den 23. juni vart ein 20 år gamal mann frå Romania arrestert for å ha stole ei flaske Jack Daniels brennevin frå Vinmonopolet i Drammen. Han godtok eit førelegg på 2000 kroner for tjuveriet, og det utløyste ei rekkje med hendingar som til slutt førte til utvising. Politiet hadde ikkje noko negativt registrert på mannen frå tidlegare.

Kort veg til utvising

Det er ikkje politiet som utviser utlendingar for slik småkriminalitet. Det er ei vurdering som blir gjort av Utlendingsdirektoratet, forklarar overbetjent Hansen.

Overbetjent Roger Hansen

Overbetjent Roger Hansen i Søndre Buskerud politidistrikt seier utvisinga skjedde raskt etter at ein 20 år gamal rumenar stal ei flaske sprit.

Foto: Søndre Buskerud Politidistrikt

– Vi vurderer fleire høve når utlendingar blir tatt for kriminalitet. Mannen hadde nesten ingen pengar å leve av, kunne ikkje gjere greie for kjenningar eller familie han skulle bu hos her. Når han i tillegg gjer seg skuldig i ulovlege handlingar tre-fire dagar etter at han har kome til landet, legg vi to og to saman.

Det neste politiet gjer er å starte ei utvisingssak etter Utlendingslova §122. Den gjeld utvising av omsyn til offentleg orden eller tryggleik. Mannen får varsel om at denne prosessen er i gang. Han får moglegheit til å kome med ein uttale i saka. UDI si hastevakt gjer vurderingar rundt hans konkrete situasjon i Noreg.

– Han fekk eit vedtak om utvising i to år for tjuveriet og vart sett på flyet allereie dagen etter han vart tatt, seier Hansen.

Dersom mannen ikkje betalar førelegget og blir arrestert i Noreg, sjølv etter å ha halde seg unna i to år, kan han måtte sone i fengsel for det.