Hopp til innhold

Skogbrann i Flå

  • 16 brannfolk for å sløkke brann

    – Eit helikopter er no rekvirert for å få oversikt over brannen, seier Glenn Espen Kustner, vaktsjef ved Vestviken 110-sentralen om skogbrannen ved Austevollnatten i Flå. Brannsentralen Vestviken 110 melde rett før klokka 17 torsdag om kraftig røykutvikling i det kuperte terrenget ved Austvollnatten i Flå.16 brannfolk, med hjelp frå fleire frivillige, jobbar med å avgrense brannen frå fleire kantar.

  • Ikkje kontroll på skogbrann i Flå

    Brannmannskap har kome fram til området som står i brann ved Austvollnatten i Flå. Dei har ikkje oversikt over storleiken på brannen enno. Mange forbipasserande, som ser den kraftige røykutviklinga frå riksveg 7, ringer til brannsentralen Vestviken 110.

    Sentralen ber om at publikum ikkje tek kontakt om røykutviklinga i området, slik dei får konsentrert seg om å koordinere sløkkearbeidet på staden.

  • Mogleg skogbrann i Flå

    Brannmannskap er på veg til Austvollnatten i Flå etter meldingar om røykutvikling i området. Brannsentralen Vestviken 110 fortel at omfanget førebels er ukjent.