Hopp til innhold

Ikkje kontroll på skogbrann i Flå

Brannmannskap har kome fram til området som står i brann ved Austvollnatten i Flå. Dei har ikkje oversikt over storleiken på brannen enno. Mange forbipasserande, som ser den kraftige røykutviklinga frå riksveg 7, ringer til brannsentralen Vestviken 110.

Sentralen ber om at publikum ikkje tek kontakt om røykutviklinga i området, slik dei får konsentrert seg om å koordinere sløkkearbeidet på staden.

Flere nyheter fra NRK Buskerud