Hopp til innhold

Skistad fekk VM-sjokk – nå vil ho ta revansje

Kristine Stavås Skistad innrømmer at ho blei sjokkert over kor store forventingar folk hadde til ho i VM. Nå vil ho ha revansje på heimebane og trur ho kan slå verdsmeister Falla i favorittølypa hennar.

Kristine Skistad

Kristine Stavås Skistad fekk sjokk av alt oppstyret og merksemda rundt ho i VM. Nå er ho ute etter revansje i heimbyen Drammen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Eg fekk litt sjokk faktisk da eg sat på pressekonferansen i VM. Dei meinte jo tydelegvis at eg var favoritt.

Kristine Stavås Skistad har klart å legge det meste av skuffinga frå fallet i VM-sprinten bak seg. Det har vore godt å kome heim frå oppstyret i VM der 20-åringen blei overraska over å bli sett på som den store favoritten.

Kristine Stavås Skistad faller på oppløpet

Skistad såg ut til å ha høgast fart på oppløpet og gå sikkert til ein finale da ho sette staven mellom skia og gjekk på hovudet ut av VM i Seefeld.

– Ein innser jo at folk har trua på meg. Og eg føler eg viste i VM at eg hadde noko å gjere der.

– Veldig motivert for å ta revansje

Framleis synest ho det er surt å tenkje på at ho kunne kjempa om gullet i VM utan fallet i semifinalen.

Men sidan VM har ho tenkt mest på å ta revansje.

– Eg har vore veldig motivert i etterkant og er utruleg lysten på å ta revansje. Håpar eg får den i Drammen eller Falun.

Skistad-effekt på billettsalet

Tysdag går ho sprinten i heimbyen Drammen. Billettsalet har tatt av nå som byen har fått sin eigen store stjerne. 20-åringen har aldri gått sprint i klassisk mot dei aller beste før, men er sikker på at ho kan vinne.

– Det blir spennande å sjå kor fort dei beste går klassisk. Viss eg er med nedover til oppløpet trur eg at eg har veldig gode moglegheiter. Eg håpar å kjempe om sigeren, er Skistad ærleg på.

NRKs langrennsekspert Torgeir Bjørn trur Skistad kan få sin store revansje på heimebane.

Torgeir Bjørn

Torgeir Bjørn er einig med Skistad sjølv at det nye kortare oppløpet utan den siste bratte kneika er ein fordel for 20-åringen. Han trur Nilsson og Falla fryktar den raske juniorjenta.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Kristine har vist før i vinter kva slags enorm fart ho har på eit oppløp. Ho er ein av dei største seiersfavorittane saman med Nilsson, Falla og Dahlquist. Men eg trur dei alle tre fryktar Skistad, seier Bjørn.

Løypa er korta ned: – Fordel for Skistad

Arrangørane kan også ha gjort revansjen enklare for Skistad. Oppløpet er gjort 30 meter kortare og er ikkje like bratt mot slutten som i dei 16 tidlegare utgåve av bysprinten. Fordel Skistad meiner både eksperten og hovudpersonen sjølv.

Falla vann i Drammen

Maiken Caspersen Falla har vore suveren i Drammen dei siste åra og har berre blitt slått ein gong dei siste fem åra, av Stina Nilsson i 2017.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Det vil eg absolutt seie er fordel meg, gliser Skistad og sender eit lite stikk til verdsmeister Falla.

– Eg veit at ho har Drammen som yndlingsarena, så det må me prøve å gjere noko med.

Flere nyheter fra NRK Buskerud