Hopp til innhold

Forventar rekordmange påsketuristar – men håpar ikkje fjorårsrekorden blir slått

Gnagsår, brotskadar, hjartestans og skred. Oppdraga stod i kø for Røde Kors i fjor. Men påskegeneralen garanterer at turistane er i trygge hender i år.

Røde Kors, Grønebakken, hytte, Geilo

Alt ligg til rette for ei draumepåske, som her ved Geilo Røde Kors' hytte på Grønebakken. Nå gjer dei frivillige dei siste førebuingane slik at turistane skal få ei trygg oppleving same kor dei ferdast.

Foto: Røde Kors

Det er ingen andre land i verda som har eit frivillig opplegg som vårt, konstaterer påskegeneralen i Røde Kors.

Odd Inge Blakkestad er hans namn, «redning» er hans mellomnamn – og han høyrer fjellet til.

Sidan tidleg på 1990-talet har Blakkestad vore sentral i påskeberedskapen på Golsfjellet.

Odd Inge Blakkestad

– Draumepåska mi er fint vêr og mange glade menneske i fjellet. Og at vi hjelper alle som treng det, seier Odd Inge Blakkestad.

Foto: Røde Kors

Sagt på ein annan måte: I over 30 år har han redda liv i høgdedraget.

Nå er han atter klar for det han omtalar som høgdepunktet til dei frivillige, nemleg å vere parat og påliteleg i påskefjellet.

Hundrevis som må fraktast ned frå fjellet

I løpet av eitt år hjelper Røde Kors i snitt 1000 menneske som har gått seg bort eller skadd seg på tur.

Påskeveka i fjor blei hektisk. Totalt rykte hjelpekorpsa ut på til saman 321 oppdrag, og dei hjelpte til ved 501 skader over heile landet.

I snitt dei siste 15 åra har Røde Kors blitt kalla ut på 209 oppdrag i påskeveka.

Kva kjem da av den store oppdragsmengda påska 2023?

Gode vêrmeldingar, kanskje oppfordringar om å feriere i heimlandet og usikker økonomi kan vere nokre av årsakene til at veldig mange valde ferie i Noreg, svarer Tor Øyvind Bertheussen, seniorrådgjevar søk og redning i Buskerud Røde Kors Hjelpekorps.

Tor Øyvind Bertheussen, Røde Kors

Tor Øyvind Bertheussen i Røde Kors.

Foto: Robert Walmann/Røde Kors

Det enkle reknestykket: Fleire i fjellet, fleire skader, ifølge Bertheussen.

Sidan vi sjeldan veit kva hendingar som kjem, må me førebu oss breitt og godt:

  • Skrubbsår
  • Brotskadar
  • Mange solbrente
  • Hjartestans
  • Snøskred, sørpeskred og jordskred
  • Barn som tar ein tur på eiga hand
  • Folk som grev seg ned på grunn av plutseleg vêrskifte
  • Hundrevis av personar som må fraktast ned frå fjellet, skiløypa eller frå hytta og til næraste ambulanse

Meir enn ei dobling oppdrag samanlikna med fjoråret

For Buskerud Røde Kors blei påska 2023 travlare enn nokon gong.

Ifølge Blakkestad hadde dei rundt 70 oppdrag – meir enn ei dobling frå året før.

– Men det var oppdrag gjennom AMK-sentralen eller politiet. Vi behandla jo langt fleire pasientar, seier han.

Eit yrande påskefjell krev eit stort mannskap

Som vanleg er påskegeneral Blakkestad og familien på plass i hytta til Gol og Hemsedal Røde Kors onsdag før palmehelga.

På fredagen kjem dei fleste turistane – og med dei og etter kvart, oppdraga.

– Skredfaren er absolutt til stades med tanke på snømengdene.

Odd Inge Blakkestad Påskegeneral i Røde Kors

Frå kommandosentralen i hytta koordinerer Blakkestad alle hjelpeoppdraga i påska.

– Røde Kors-hytta begynner å nærme seg innrykksklar. Og det er veldig mange som har lyst til å vere med på vakt i år. Det kjem til å bli eit godt team når vi må ut og gjere noko, seier han.

Les også Familie har reddet liv i påskefjellet i 30 år

Familien Blakkestad bruker påsken til å hjelpe andre i nød.

Han veit kva som kjem til å skje – og kva som ikkje kjem til å skje. Han er førebudd på alt.

I år er det tidleg påske. Fjellet er innbydande med upåklagelege forhold. Røde Kors forventar derfor rekordmange turistar i den norske påskefjellheimen.

Røde Kors, Gol, Buskerud

Røde Kors har 380 lokalforeiningar og ein stad mellom 5000 og 6000 frivillige. Under påska har dei fleste utvida beredskap.

Foto: Tommy Nielsen/Røde Kors

– Gnistrande forhold og mykje snø! Får vi litt blå himmel og sol oppå det heile, så kjem det til å bli eit yrande påskefjell i år, det er heilt sikkert, slår Blakkestad fast.

Påska er for mange nordmenn synonymt med kylling og egg, krim og kryssord, solbrente nasetippar og påskeharesmågodt.

Og så klart, mange spenner på seg skia og legg i veg i veg mot bergtoppane.

– Kor mange frivillige er det i Røde Kors Buskerud si teneste denne påska?

– Det er rundt 150 på vakt heile tida. Nokon på hytta, nokon på heimevakt. Og så har vi 200 i bakhand som kan trø til når noko skjer. Så vi er 350 i Buskerud som er operative, svarer Blakkestad.

Redningsøvelse, Røde Kors

Det blir i desse dagar terpa på redningsøvingar i forkant av storinnrykket i påskefjellet.

Foto: Røde Kors

Viktig å vere førebudd før skredet går

Den frivillige troppen til påskegeneralen er nå i full gang med trening og førebuingar inn mot den gule høgtida.

  • Varer og materiell skal handlast inn.
  • Vaktlister og logistikk må vere spikra.
  • Mange hjelpekorps har eigne kioskar som skal fyllast med diverse varer.

– Majoriteten av det vi driv med handlar om å hente pasientar som har vore uheldige i skiløypene, seier Blakkestad.

– Det vil vere behov for oss i år også, det er eg sikker på.

Odd Inge Blakkestad Røde Kors

Vidare kan det vere alt frå å reparere skibindingar og lindre gnagsår, til å handtere sjukdom og beinbrot.

Vi har tett dialog med AMK-sentralen, hjelper etter behov, og snøskuterane er alltid i beredskap. Som regel handlar det om å få folk trygt fram til bilveg der ambulanse eller anna hjelp ventar, seier Blakkestad.

Dei frivillige har rekruttert mange nye som skal ut for første gong i påska.

Røde Kors

Geilo Røde Kors klargjer utstyret til den gule høgtida.

Foto: Røde Kors

Da gjeld det å vere godt førebudd og ha grunnlaget på plass, i tilfelle det må trykkast på den store alarmknappen.

– Skredfaren er absolutt til stades med tanke på snømengdene. Da er det viktig for dei nye å vite kva oppgåvene er. Når det i så fall skjer, så har ein ikkje tid til å begynne å teikne og forklare mykje, seier påskegeneralen.

Les også – Fjellvettreglene trumfer all teknologi

Redningsaksjon, Røde Kors

Odd Inge Blakkestad

– Vi erfarer at folk generelt er flinke til å kle seg. Det er lenge sidan eg har sett ein skiturist i olabukse. Hugs at sekken også må innehalde ekstra mat og klede og gjerne ein batteripakke med ekstra straum til mobilen, rår Odd Inge Blakkestad.

Foto: Anders Engum Blakkestad/Røde Kors

– Og rekorden frå i fjor, den ønsker dykk kanskje ikkje å slå i år?

– Nei. Vi er jo på vakt for ein grunn, og det er alt anna enn for å drikke kaffi og spele kort. Eg seier ikkje at vi håpar på å slå fjoråret, men vi er der fordi vi har lyst til å hjelpe til når det trengst. Og det vil vere behov for oss i år òg, det er eg sikker på.

– Da er påsketuristane i trygge hender?

– Det skal eg garantere at dei er, avsluttar påskegeneralen med eit Røde Kors på halsen.