Hopp til innhold

Parsjekk skal få færre par til å skilje seg

OSLO/DRAMMEN (NRK): Margot og Christoffer Amlie Dahl har vore gift i 11 år og er einige om at dei har eit godt forhold. Likevel er dei eitt av dei aller fyrste para som har prøvd ut det nye konseptet parsjekk.

Margot og Christoffer Dahl

Margot og Christoffer Amlie Dahl synest dei har merka forskjell etter parsjekken. – Det har vore ei bevisstgjering for oss begge, meiner Margot.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Eg kan fort bli bekymra for korleis me eigentleg har det. Nå som barna er større, har me jo litt meir tid til kvarandre. Ein blir bekymra for om me glir frå kvarandre.

Margot kikkar bort på ektemannen Christoffer medan ho blar gjennom tilbakemeldingsheftet dei fekk etter å ha vore på parsjekk.

Margot og Christoffer

Nokre av spørsmåla var laga slik at ein måtte svare på kva den andre i forholdet meinte om område i forholdet. – Det var interessant å sjå om ein trefte, men også litt skummelt, meiner Margot.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Parsjekk kjem til heile landet

Omtrent halvparten av alle ekteskap her i landet ender med skilsmisse. Forsking frå Danmark har vist at par som har tatt denne sjekken, har større sjanse for å unngå skilsmisse og ha det betre i parforholdet.

– Det er jo sånn at ein tek ein årleg sjekk på bilen og går til tannlegen. Det her er ein strukturert måte å ta ein sjekk på forholdet, som verkeleg betyr noko i folks liv, seier Jorunn Tangen Hole, leiar ved kjeldehuset ved Modum bad.

Jorunn Tangen Hole

Jorunn Tangen Hole ved Modum bad fortel at parsjekken kan førebygge skilsmisse.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Dei har akkurat starta opp konseptet som er heilt nytt og utvikla i Danmark. Her handlar det om å førebyggje, og kurset kan vere like aktuelt som bryllaupsgåve til eit nyforelska par, som til par som har vore saman i fleire tiår, meiner Tangen Hole.

– Det er viktig å kome tidleg i gang i parforholdet, for dette handlar om bevisstgjering om kva som styrkar og løfter det gode i forholdet, og kva som er risikofaktorar ein bør jobbe med.

Parsjekken kostar 4.000 kroner, men Tangen Hole avviser at dei har tilbodet for å tene pengar.

– Da hadde vi tenkt på andre ting enn parsjekk. For oss er samliv viktig frå eit folkehelseperspektiv der profitt ikkje er formålet.

Målet er å lære opp familievernkontor over heile landet til å kunne tilby parsjekk. Leiar for familievernkontoret i Asker og Bærum, Morten Elgin, seier at han så vidt har høyrt om konseptet.

–Eg trur det er bra. Ideen om å stoppe opp og vurdere parforholdet sitt trur eg er kjempelurt, seier Elgin.

– Ikkje like avhengig av venskapen

Margot og Christoffer har vore saman i 13 år, gift i 11 og har tre barn. Dei fekk sjølv parsjekken som gåve. Dei synest det var viktig å sette parforholdet på agendaen nå som dei ikkje var småbarnsforeldre lengre.

– Det blei litt vanskeleg for meg at han hadde svart gult på venskap og eg grønt, seier Margot og viser fargane som illustrerer kva dei to har svart.

– Eg er kanskje ikkje like avhengig med venskapen med Margot som ho er av meg, svarer Christoffer.

– Han har fleire vener, ler kona.

– Ideelt sett kan me gjere dette kvart tredje år

Parsjekken starta dei med å svare på 300 spørsmål for å finne ein status på forholdet.

Dei svarte på spørsmål som «me kan ta opp problem med kvarandre på ein venleg og respektfull måte» eller «når ein oss blir såra er me flinke til å tilgje kvarandre».

Parsjekk-tilbakemelding

Slik ser framsida av tilbakemeldingsheftet ein får etter parsjekk ut. I dette eksempelet blir den øvste delen av rommet farga av Ane sitt svar og den andre Anders sitt svar.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Deretter venta to samtalar med ein rettleiar, og i den siste fekk dei ein personleg rapport med tilbakemeldingar som dei kan jobba vidare med.

– Eg er nok ein stereotyp mann, men dette synest eg var ålreit og veldig lite kleint. Det var ein naturleg og fin måte å snakke om forholdet på, meiner Christoffer.

Foreldre og leksehjelp

Mor Margot hjelper dei to eldste barna Elias (9) og Miriam (8) med leksene, medan Christoffer snart er på veg ut for å hente yngstemann Oliver (5) i barnehagen.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Og resultatet?

– Me fekk bekrefta at me har tillit til kvarandre og at det er viktig i forholdet vårt, seier Margot, før Christoffer avbryt henne.

– Me fekk jo bekrefta at me har det veldig bra, smiler ektemannen.