Hopp til innhold

Nygifte Thomas: – Fleire burde gjere som oss

Namneforskar meiner det er på sin plass at det blir likestilling også på etternamn. Men framleis vel nygifte ektepar ganske så tradisjonelt og ikkje som Kristine og Thomas Salamonsen.

Ekteparet Salamonsen

For Thomas Salamonsen (tidlegare Kristiansen) var det heilt uproblematisk å gje frå seg sitt eige etternamn. Dei to trur dette berre blir meir og meir vanleg.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

– Det er jo litt rart at ikkje fleire gjer som oss.

Behalde etternamnet, fjerne sitt eige eller ta mannens eller kanskje konas etternamn? Eller lage eit nytt etternamn med bindestrek?

Salamonsen

Kristine og Thomas Salamonsen lét presten avsløre kva dei skulle heite i bryllaupet i Toscana i sommar. Etter litt fram og tilbake enda Thomas med å bytte.

Foto: Gjermund Midtbø / NRK

Ville berre ha eitt namn

Kristine (28) og Thomas Salamonsen (33) frå Drammen og Gjøvik gifta seg i sommar og hadde denne diskusjonen i forkant. I kyrkja avslørte presten at dei hadde vald å gå for Kristine sitt namn som parets einaste etternamn.

– Det var han som føreslo at me skulle ta namnet mitt faktisk. Det var hyggeleg, men eg ville ikkje trumfe gjennom noko heller, smiler Kristine.

Namnet Salamonsen kjem frå Finnmark og betyr mykje for henne. Thomas var ikkje vanskeleg å overtale og seier med glimt i auget at fleire burde gjere som dei.

– Det viktigaste for oss var å heite det same og ha eitt familienamn. Me fann ut at det var viktigare for Kristine å vidareføre Salamonsen enn Kristiansen for meg, seier Thomas som dermed kutta ut sitt eige etternamn gjennom 33 år heilt.

Fleire kvinner held på sitt eige etternamn

Ganske uvanleg, fortel Ivar Utne, namneforskar og fyrsteamanuensis ved Universitet i Bergen. Berre 2–3 prosent av ektepar vel konas namn til slutt, ifølgje Utne.

– Me har ikkje nokon god forklaring på det, men nye ektepar tenkjer framleis tradisjonelt. Spesielt med tanke på at mannen sitt namn kjem til slutt, seier Utne.

Likevel har andelen kvinner som held på sitt eige etternamn stige jamt og trutt sidan 80-talet. Spesielt med tanke på at halvparten av par som lev saman er sambuarar, og som regel ikkje byter namn.

Utne har ikkje ferske tal å slå i bordet med, men anslår at over 60 prosent av norske kvinner i faste parforhold beheld namnet sitt, anten som etternamn eller mellomnamn.

Bør kjempe for bindestreken

Men ofte blir kvinna sitt tidlegare etternamn «gøymt» bort som mellomnamn og har ifølgje Utne da ein andrerangs status.

– Etternamn er klart viktigare enn mellomnamn, men om kona får inn ein bindestrek blir dei to namna til eitt etternamn. Da får ho namnet sitt fyrst i register og liknande og sikrar at namnet lev vidare, seier Utne og legg til.

Namnegranskar Ivar Utne, UiB

Namneforskar Ivar Utne synest det er litt merkeleg at ikkje likestillinga har komen til etternamn enno.

Foto: Gøril Grov Sørdal / NRK

– Det er jo rimeleg at det er likestilling på dette feltet også.

– Ikkje aktuelt for han og ta mitt namn

For Christine Sandnes (28) og Joachim Hatleberg Nielsen (28) segla ikkje likestilling opp som ein av dei viktigaste grunnane da dei skulle velje nytt namn.

Dei gifta seg 18. august og trur dei har landa på at Joachims mellomnamn, Hatleberg, blir det einaste etternamnet deira.

Ekteparet Hatleberg

Christine Sandnes fann ut at ho ynskte berre eitt etternamn og ingen mellomnamn for seg sjølv og komande barn.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Eg trur nok ikkje det var aktuelt for Joachim og ta mitt namn. Samtidig var eg klar på at eg ikkje ville ha Nielsen. Det er for vanleg, seier Sandnes.

– Hatleberg er eit kjent namn i byen og det er ikkje så mange som heiter det lenger. Derfor var det viktig for meg å behalde det, seier ektemannen.