Hopp til innhold

Millionar til Fjell

I statsbudsjettet som vart lagt fram klokka 10 i dag, foreslår regjeringa å løyve 9,6 millionar kroner til bydelen Fjell i Drammen neste år, skriv Drammens Tidende. Prosjektet Fjell 2020 skal gjere bydelen til ein betre stad å leve. Rammene for heile prosjektet, som starta i 2009 og held fram til 2020, er på nærare 700 millionar kroner. Prosjektet omfattar blant anna eit nytt aktivitetshus og eit solid løft for skulen på Fjell.