Hopp til innhold

Mann meld for å ha svindla til seg 1,7 millionar kroner

NAV nytta Facebook, tips og register før dei melde den høgaste svindelsummen i Noreg nokosinne. Ein person er meld for å ha svindla til seg 1,7 millionar kroner.

NAV

Aldri har beløpet NAV meiner er svindla av trygdemottakarar vore høgare. To av meldingane gjeld beløp over 1,5 millionar kroner.

Foto: Else Jorunn Saga / NRK

NAV har meldt 1318 personar for å ha svindla til seg 238 millionar kroner i 2013. Det er det høgaste beløpet NAV har meldt trygdemottakarar for nokosinne, og ei auke på 28 millionar frå 2012.

Mange store saker

Magne Fladby

Seksjonssjef i NAV, Magne Fladby, har 80 medarbeidarar som jobbar heiltid med å avdekke trygdesvindel.

Foto: NRK

I desse tala gøymer det seg mange store saker. Seksjonssjef i NAV, Magne Fladby, fortel at 15 av dei melde sakene gjeld forsøk på svindel av over ein million kroner.

– Den største saka gjeld ein person som har heva uførepensjon i fleire år medan vi meiner han i alle fall er delvis arbeidsfør. Summen vi har meldt han til politiet for er 1,7 millionar kroner han ikkje skulle ha, seier Fladby.

Det er ikkje rekord. I 2012 melde NAV tre saker som gjaldt summar på over to millionar kroner til politiet. Den største svindelsaka var på 2,5 millionar kroner.

Lettare å avdekke

NAV avdekka nærare 60 prosent av sakene ved å samkøyre informasjon frå eigne register og frå andre offentlege etatar. Stortinget vedtok i 2013 ei ny lov som gir NAV nye moglegheiter til å samkøyre slike register.

Smarttelefon med Facebook app

NAV sjekkar opne Facebook-profilar når dei undersøker mogleg trygdesvindel.

Foto: DADO RUVIC / Reuters

– Dette gjer det lettare å avdekke forsøk på svindel. Dessutan nyttar NAV Kontroll alle opne kjelder for å granske mogleg trygdesvindel, seier Fladby.

Det betyr søk på nettet, å sjå på opne Facebook-profilar og undersøke om det er teikn på at til dømes uføretrygda kan vere arbeidsføre.

Nav Kontroll har 80 personar som jobbar heiltid med å undersøke personar mistenkte for å ta imot pengar dei ikkje skal ha.

Les og: Trygdesvindel for 6 mrd årlig

Streng straff

Seksjonssjefen i Nav påpeiker at det er strenge straffar i vente dersom ein blir dømt for trygdesvindel.

– Høgsterett har sagt at alle som er skuldig i å fått meir enn 85000 kroner utan å ha krav på det, skal ha vilkårslaus fengselsstraff.

Dobling i Buskerud

Aldri har trygdemottakarar i Buskerud blitt meldt til politiet for høgare svindelbeløp enn i 2013.

I 2013 melde NAV 70 personar i Buskerud for svindel av 16,3 millionar kroner. Beløpet for slike meldingar i 2011 var 7,8 millionar kroner.

Tre av desse sakene var mistanke om svindel på over ein million kroner.