Fakta
LYD OG VIDEO
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- LYD: Det er nok snø i alpinanlegga trass i godvéret dei siste vekene. Dette er på grunn av kunstsnøen. Reporter er Gunnar Grimstveit:
- Buskerud: Hallingdal
- Vi hadde hatt eit skikkeleg problem, dersom vi ikkje hadde hatt kunstsnø, seier Knut Einar Haug i Ål skisenter.
Daglig leder ved Ål skisenter, Knut Einar Haug, sier det ikke er fare for at snøen forsvinner til påske.
Haug har samla opp store haugar med snø i alpinanlegget for å ha i reserve. I haust produsera han
70 000 kubikkmeter snø som reserve til påska.
Skremt av godvéret med mange plussgrader både natt og dag, er også til ein viss grad dagleg leiar i Hallingdal Informasjonssenter, Roger Øye. Men oppe på høgfjellet, der han gjekk skitur i slutten av denne veka, er det ingen fare for påskesnøen, meiner Øye.
Bra med snø på vidda
- Det ligg enno masse snø på fjellvidda, og den snøen ligg til langt ut i mai, seier Øye. Det blir fleire netter med kuldegrader, så eg er ikkje bekymra, seier han.
Knut Anfinset i Hallingskarvet skisenter i Sudndalen er heilt sikker på at påskeføret held både for alpinistar og turgåarar. Han er i alle høve ikkje redd for at snøen skal bli borte trass i alt godveret dei siste dagane.
- Det har vore mildt dei siste to vekene, og vi merker ingen skilnad på snømengda, seier Anfinset.
Ål skisenter.