I laurdag er det møte på Sollihøgda, med to stortingspolitikarar og mange lokale politikarar.
– Der vil me kreve å få svar på kvifor det ikkje kjem ein ny veg, seier Hovland.
Beate Heieren Hundhammer.
Ein av stortingsrepresentantane som kjem til møtet på Sollihøgda laurdag, er Beate Heieren Hundhammer frå Ringerike. Ho meiner at for å få til ein ny E 16 så må politikerne gløyme Ringeriksbanen.
– No må me prioritere veg, seier Heieren Hundhammer.
Lennart Hovland er skuffa over at politikarane ikkje er villig til å prioritere ein ny veg på Sollihøgda.
– Politikarane har svikta oss i årevis, og no krev me at noko blir gjort, sier Hovland.