Hopp til innhold

Sov 302 netter ute i telt: – Dette er naturmedisin på høgt plan

– Eg ville ikkje bytta med ei hotellseng til 5000 kroner, seier Jan Trygve Bollerud frå soveposen sin. I 2022 vart det 302 netter i telt.

Jan Trygve Bollerud varmar hånda si over eit lite bål utan for telt i mørket

Jan Trygve Bollerud tenner eit lite bål i kvistbrennaren før han går til ro for kvelden.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Heilt fantastisk! Jan Trygve Bollerud ligg på to tjukke liggeunderlag. Soveposen lovar komfort heilt ned til minus 30.

Teltet er plassert mellom snøtunge grantre. For dei som lurar, han har både hus og inne-seng eit par kilometer unna. Men natta vil han ha her i skogen.

– Ein god dag startar med ei god natts søvn, seier Jan Trygve Bollerud. Han trur mange kunne ha kutta ned på sovemedisin om dei hadde gjort som han.

Jan Trygve Bollerud med hodelykt ein sein vinterkveld

Jan Trygve Bollerud sov 302 netter i telt i 2022

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Lidenskap

Telemontøren frå Fiskum i Øvre Eiker har alltid likt å sove ute, uansett årstid. I året som gjekk, tok det heilt av. 302 netter er personleg rekord på eitt år.

– Det eine tok det andre, og då eg telte opp i haust og såg at eg kunne greie 300, vart det ein motivasjon.

Jan Trygve Bollerud ligg i soveposen sin i telt

Jan Trygve Bollerud ser fram til ei natt i soveposen.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

61-åringen avviser at det er konkurranseinstinkt som driv han. Effekten av å sove godt er det viktigaste.

Han har mange favorittstader og fleire typar telt som han flyttar rundt etter årstid, ver og føre. Det er særleg i gammal skog og urørt natur Jan Trygve trivst best. Vinterkulda er inga hindring.

– Du kjem jo bokstavleg talt nærare moder jord. Lukta og lydane. Eg får ei slik god kjensle innvendig. Det gir ein god og djup søvnkvalitet.

Jan Trygve Bollerud har slått av lykta han har rundt hovudet og kikkar ut av teltopninga. Over blinkar stjernene. Halvmånen lyser sterkt. Kvit snø ligg tungt på trea. Det er som å vera i eit kunstverk.

Stjerneklar nattehimmel i vinterskogen

Vinternatta i Fiskumskogen

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Skogen er trygg

Hånd varmer seg over flamme

Kvistbrennaren varmar godt og set ikkje avtrykk i naturen.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Er du aldri redd?

– Redd, nei. Skogen i Noreg er ikkje farleg. Det einaste måtte vera om ein kjem ut for ei elgku med kalv. Ho kan nok vera aggressiv.

For ikkje mange veker sidan, strauk det ein ulv forbi, ikkje langt frå teltplassen.

– Den er i alle fall ikkje farleg! Skulle gjerne ha møtt på den ulven.

Sov du ute i 2022?

Det mest dramatiske han har opplevd i rekordåret, var ein morgon då han ikkje kom seg ut av teltet. Det hadde lagt seg tjukk is på glidelåsen. Fyrst etter å ha jobba ein halv time med å smelte isen med hendene, slapp han ut.

– Det gjekk bra, det. Det einaste var at eg kom ein halv time for seint på jobben, gliser friluftsentusiasten.

– Kva gjer du når du skal feriere?

– Det blir stort sett teltturar. Eg likar å køyre motorsykkel og må til Hardangervidda og Femundsmarka kvar einaste sommar.

Les også Flere sover ute: – Dette burde alle prøve

Monica Svensgård fra ørnes sover ute nesten hver natt.