Hopp til innhold

Går 186 kilometer for å ha intimkonsertar for skituristar

186 kilometer på ski, to fjellområde og seks DNT-hytter. Artisten Daniel Kvammen pakkar gitaren i pulken og legg ut på ein heilt spesiell turne i påska.

Daniel Kvammen med pulk

Artisten Daniel Kvammen ein skivant mann, men har aldri gått ein liknande rute på vinterstid.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / DNT

– Det blir nok den heftigaste påska eg har hatt nokosinne.

Daniel Kvammen flirer godt av sitt eige prosjekt.

Fekk ideen på Hardangervidda

Han skal ikkje akkurat leve det glamorøse artistlivet denne påska.

Kvammen tek skia fatt, pakkar gitaren og eit lite høgtalaranlegg i pulken og legg ut på ein 186 kilometer lang skitur.

Ideen kom da han traska rundt på Hardangervidda i haust.

– Kvifor er det ingen som har gjort dette før tenkte eg. Dette er jo ein fantastisk moglegheit til å ha intime og flotte konsertar.

Sisteetappe på over fire mil

Han skal rekke over to fjellområde og seks av Turistforeiningas sine hytter. Med start på Geiterygghytta i Skarvheimen i starten av påskeveka og avslutning på Haukeliseter 1.påskedag sør på Hardangervidda har spelemannvinnaren gått 186 kilometer.

– Det trur eg er heilt innanfor, ler Kvammen og legg til at han har lagt seg i hardtrening denne vinteren.

Daniel Kvammen på ski

Eigentleg har han trena til halvmaraton i Berlin, men Kvammen håpar at jogginga hjelper på også på ein så lang skitur.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

– Me er oppegåande fjellfolk og eg er veldig glad i å gå på ski. Men sjølve sluttetappen er ganske dryg på over fire mil. Akkurat den dagen er eg ganske spent på. Da trur eg Kvammen kjem til å vere ganske så sliten.

Heilt utan skutertransport

Fjellturneen skal gjerast heilt utanom motorisert transport. Han har med seg ein vegvisar og sikkerheitsansvarleg, men det meste artisten skal ha på scenen på dei seks DNT-hyttene, må han også dra med seg sjølv i pulken.

– Eg skal få plass til ein gitar og eit lite vokalanlegg i tillegg til vanlege med diverse skift, sokkar og det aller viktigaste: gnagsårplaster. Med mindre uvêret kjem og tek oss, trur eg dette kjem til å bli veldig fint.

Daniel Kvammen spelar Du Fortener ein som meg i Holmenkollen.

Slik kan det høyres ut når Daniel Kvammen spelar akustisk utandørs.

Turistforeininga er glade for å kunne tilby ei annleis oppleving på påskefjellet i jubileumsåret.

– Å gå på ski frå hytte til hytte i påsken er tradisjon for mange, men det er også ein god del som ikkje har eit forhold til det. Heller ikkje Daniel Kvammen, og desto meir sporty er det av han å legge ut på dette, seier kommunikasjonssjef i DNT, Mette Øines Habberstad.

Gler seg til peiskos

Vertskapet på Litlos gler seg like mykje til å få artisten frå Geilo på besøk.

– Han skal få kortreist mat, ei varm seng å sova i og ikkje minst, få kjenne den gode påskestemninga ein får i ei DNT-hytte på høgfjellet, seier vertskap Jarle Viskjer.

Og kva er det han sjølv gler seg aller mest til med påsketurneen i heimlege fjelltrakter?

– Eg gler meg til å sitje ved peisen etter konsertane og kose meg med ei bok saman med alle dei andre hyttegjestene.

Flere nyheter fra NRK Buskerud