Hopp til innhold

Ny undersøking: Over halvparten er negative til Drammens omstridde flyktningvedtak

– Eg er overraska over at talet ikkje er enda høgare, seier ordførar i Drammen Kjell Arne Hermansen (H).

Kjell Arne Hermansen, Drammen Høyre.

Kjell Arne Hermansen (H) har vore i hardt vêr den siste tida.

Foto: Anders Haualand / NRK

53 prosent av dei spurde svarer at dei synest vedtaket om at ein ønsker å prioritere ukrainske flyktningar er negativt. Berre 23 prosent seier dei synest vedtaket er positivt.

Det kjem fram i ei undersøking gjort av Norstat på vegner av NRK.

Mads Motrøen, Norstat

Mads Motrøen fortel at dei aller fleste har fått med seg debatten om flyktningvedtaket i Drammen.

Foto: Halldor Asvall / NRK

– Vi ser jo først og fremst at mange har ei meining om dette. Det er berre 5 prosent som svarer at dei ikkje veit, som er relativt lågt når det gjeld sånne saker, seier Mads Motrøen.

Han er ansvarleg for politiske målingar i Norstat.

– Så det er mange som har fått det med seg, og som har ei meining om det.

13. februar vedtok kommunestyret i Drammen at dei berre ønsker å ta imot ukrainske flyktningar. Ordlyden i det opphavlege vedtaket er bakgrunnen for at mange meinte dette er ei klar forskjellsbehandling av folk.

Positivt overraska

Etter eit veldig medietrykk, der det toppa seg med deltaking i Debatten med etterfølgande utspørjing av Fredrik Solvang, er ordførar i Drammen, Kjell Arne Hermansen (H) sliten.

Etter Debatten fekk han så hatten passa av fleire medium.

Debatten Høyre-siden

Drammenspolitikerne blei grilla hos Fredrik Solvang i Debatten denne veka.

Foto: ISMAIL BURAK AKKAN / NRK

Han innrømmer at det har vore mykje i det siste, og at veka har vore lang. Men i lys av all merksemda saka har fått, er han ikkje overraska over at dei fleste som er spurde i undersøkinga, er negative til vedtaket.

– Med det medietrykket lokalt og nasjonalt, så blei eg vel overraska over at talet ikkje var enda høgare, seier han.

Les også Ble lamslått av Drammen-vedtak: «Hva er galt med meg?»

– Kva synest du om at dei fleste er negative til vedtaket du har vore med å stemme for?

– Det må eg jo ta til etterretning, svarer Hermansen.

Han understrekar at intensjonen i vedtaket er noko anna enn det han meiner har komme fram i media.

– Med den debatten som har vore, er det naturleg at ein synest at Drammen har sett ting på dagsordenen på feil måte, seier han.

Kvinner mest negative

23 prosent av befolkninga er noko eller svært positive til forslaget. Av dei er det flest menn som synest vedtaket er positivt.

– Vi ser at ein av tre menn omtrentleg er positive. Så ser vi at 56 prosent av kvinner er negative. Det er da ei overvekt av kvinner som er noko eller svært negative, seier Mads Motrøen.

Han seier dette er som forventa.

– Det er ulike haldningar mellom kjønna på innvandringsspørsmål generelt, seier han.

Slik blei det svart i undersøkinga

Kva er di haldning til dette vedtaket?

Menn

Kvinner

18-29

30-39

40-49

50-59

60-69

70-79

80-99

Svært positiv

19

5

12

16

15

14

9

8

6

Noko positiv

12

9

8

14

8

11

17

6

11

Nøytral

15

23

20

14

14

26

21

18

25

Noko negativ

15

19

20

16

19

17

9

20

16

Svært negativ

35

37

35

37

37

28

38

43

42

Veit ikkje/ønsker ikkje å svare

4

7

5

4

8

4

6

5

Vil sjå framover

Kjell Arne Hermansen er opptatt av å sjå framover, og han håpar at innbyggarane i byen vil vere med på det.

Fredag blir det arrangert fakkeltog mot diskriminering og forskjellsbehandling. Der deltar ordføraren, og han skal halde appell etterpå.

Les også Ronja (16) hylles etter Debatten: – Noen må sette politikerne på plass

Ronja Bajalan

– Er det ikkje rart at du deltar i eit fakkeltog som blir arrangert med bakgrunn i vedtaket som er gjort?

– Det kan nok oppfattast som rart, men eg føler ikkje at det er rart. Eg går bak parolen om at vi skal bygge eit vi-samfunn, og det står eg fullt og heilt bak.

Demonstrasjon utenfor Drammens kommunestyremøte 13.februar 2024

Før kommunestyremøtet i Drammen 13. februar demonstrerte mange mot det som blei eit vedtak.

Foto: Balsharan Kaur / NRK

– Så får vi jobbe på og sjå framover på ein god måte. Det er viktig at vi pratar saman og finn gode løysingar framover, seier han.

Han fortel at han har invitert innvandrarrådet til møte på kontoret sitt rett over vinterferien.

– Eg trur vi drammensarar er flinke til å sjå framover og vere stolte av kommunen vi bur i, så eg trur vi skal komme over dette, seier han.

Kommunestyret i Drammen stemmer for forslaget om å kun ta i mot ukrainske flyktninger.

Ordføreren frykter for Drammens omdømme