– Det kjem inn ei skulder her, ei hofte er på veg og nå skal me hente eit kne oppi bakken.
Ambulansearbeidarane gjev beskjed til kommuneoverlege Camilla Underland i det dei er på full fart mot skisenteret igjen.
Berre danskar på legevakta
Det er ein hektisk dag på legevakta i Hemsedal, sjølv om det er ein heilt vanleg tysdag føremiddag midt i januar.
– På det meste har me hatt opp mot 100 personar som treng strakshjelp i løpet av ein dag, fortel Underland.
Denne dagen er det berre dansk å høyre frå pasientsengene. Danskar og svenskar valfartar til eit av landets største skisenter og det merkast på legevakta.
– Eg trur nok me er dei som ser mest skader, seier ho i det blir trilla inn ein ny pasient som klagar på vondt i hofta.
På dansk.
Har meir utstyr enn andre
Dei siste åra har legevakta i bygda med 2400 innbyggarar vald å spesialisere seg på skituristane sine uhell. Kompetansen og utstyret dei har her, finst ikkje på andre liknande legekontor.
– Me kan gjere veldig mykje meir her enn på eit ordinært legekontor. Me får avklart ting og treng ikkje nødvendigvis sende til sjukehuset, seier Underland og tenkjer spesielt på røntgenmaskin, ultralyd og avansert overvakingsutstyr.
Julie Sonne frå Bramming utanfor Esbjerg har akkurat fått på seg ei fatle av legen. Ho er på skitur saman med skulen sin og falt på ski ein av dei fyrste dagane på tur. Nå konstaterer lege Underland at ho har fått eit brot i kragebeinet.
Skuleleiar Kirsten Tygesen er med eleven og fortel at dei har vore ein del turar på legevakta gjennom 20 år.
– Dei er alltid dyktige og profesjonelle, og me får god behandling, seier Tygesen.
– Heilt genialt
Denne spesialiseringa er forskarane hos Distriktssenteret imponerte av. Dei jobbar for å gjere distriktskommunar meir attraktive, og meiner det er akkurat slik kompetanseheving som er viktig.
– Her har dei tatt utgangspunkt i ei naturgitt føresetnad som Hemsedal har som ei bygd med mykje skiturisme. Dei utviklar kompetanse med utgangspunkt i det, og det er heilt genialt, meiner seniorrådgjevar Ann Irene Myhr og legg til.
– Når legestudentar eller andre ser at i Hemsedal finst det kompetansearbeidsplassar kan det absolutt lokke dei til å flytte dit.
Det er ikkje mange minuttane mellom kvar gong det kjem trillande inn ein ny skikledd pasient på kontoret.
Men det er nettopp på grunn av denne hektiske og uføreseielege stemninga Camilla Underland og mange av dei andre her vil jobbe i Hemsedal.
Ho synest ikkje det blir einsformig av og vere spesialisert på beinbrot og andre skiskadar.
– Absolutt ikkje. For meg og alle oss som jobbar her er det som gjer jobben spennande. Du får ein større allsidigheit, enn berre å vere allmennlege. Me har eit breitt spekter av opplevingar på godt og vondt kvar dag.
– Er ambisjonen å vere best i landet?
– Ja, det er eit klart mål og det håpar eg at me er.