Hopp til innhold

Vekst

Eg er blitt bestefar tre gonger. Eg har fått lagt i hendene eit barn som kjem beint frå Guds hjarte i mors mage. Og eg har ønskt alt godt, fred og velsigning over det nye livet, fortel Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Kol. 1, 8-14.

God morgon!

Og velkommen inn i ei ny pinsebøn, i dag etter ei bøn av Karl Rahner:

Herre, gi oss den Åndens gave som skjelner mellom de mange ånder som trenger seg på oss.

Vis oss at du virker i hverdagen. Når vi lengter etter deg – etter stillhetens Ånd, fredens og tillitens Ånd, frihetens og klarhetens Ånd - la oss da erkjenne at det er DIN Ånd vi søker.

La oss innse at uroens og angstens ånd, trangsynets og tungsinnets ånd har sitt opphav i oss.

Bannlys fra våre hjerter åndelig mørke og forvirring, håpløshet og lunkenhet, tristhet, tvesinn og knugende forlatthet.

Gi oss Herre Ånden som gir vekst i tro, håp og kjærlighet, Ånden som tjener med glede.

Amen.

Ja, lat oss tale om den lengten som er lagt ned i kvart einaste menneske, lengten etter å vekse.

Eg er blitt bestefar. Eg har tre gonger fått oppleve at glade og slitne foreldre legg eit nyfødd barn i hendene mine. Eg har fått kjenne den vedunderlege vekta av ein kropp som kjem beint frå Guds hjarte i mors mage. Og eg har fått kjenne det djupe ønskje om alt godt, om fred og velsigning over det nye livet.

Der eg står, fordi eg er bestefar og ikkje eit spedbarn sjølv, veit eg at det må bli ein veg ikkje berre i glede, men også i smerte, ikkje berre i leik og siger, men også i hardt arbeid som både skal lukkast og mislukkast. Eg veit at det må vere slik. For livsens veg, vegen frå Gud og tilbake til Gud, frå fødsel til død, er ein veg der vi er kalla til å vekse. Til å bli oss sjølve gjennom erfaringar av alle slag. Både dei vi ønskjer for barnebarna våre og dei vi ønskjer dei skal bli sparte for.

Herre, gi meg din Ande i den alderen eg er akkurat no. Den som kan dra alt til deg, den som legg alle mine erfaringar inn i den forvandlande straumen der eg får vekse i deg, fram til målet mitt.

I dagens tekst frå Kolossarbrevet 1 fortel Paulus om dei gode rykta som går om kolossarane, rykte om deira kjærleik, den dei har fått frå Anden og som dei praktiserar så godt.

Den, seier Paulus, den ber eg om skal få vekse.

”Og det er vår bøn at de må verta fylte med kunnskap om Guds vilje og få all den visdom som Anden gjev…at de skal få bera frukt i all god gjerning…for han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss inn i sin kjære Sons rike”.

Så det er altså frelsa. Å bli sett inn i Sonens rike der vi får vekse som menneske i han. Vekse i alt som er godt. Heilt fram til enden. - Gode perspektiv for bestefar.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Høgsangerne med ”Fylt av glede over livets under”.

Høyr andakten 31. mai.

Skog