Hopp til innhold

Vegen heim

Vi kjem altså ikkje utanom å tale om synd og skuld. Men i vår samanheng er ikkje spørsmålet om skuld filosofisk, seier Geir Gundersen.

Geir Gundersen
Foto: Privat.

Teksten er henta frå Mark. 11, 24-25.

God morgon!

”Gud velsigne din utgang og din inngang”, seier presten til barnet i dåpsliturgien. Dette er vår kristne tru, slik tenkjer vi om mennesket: Det kjem frå Gud og skal til Gud. Det høyrer Gud til. Det er født av Guds kjærleik gjennom elskande menneske – og får Gud det som Han vil, skal Han elske det gjennom livet heim til seg. Fødsel og død, vårt Alfa og Omega, byrjing og fullending, ikkje underleg at vi kjenner smaken av det heilage særleg sterk ved desse stasjonane: Når vi tek imot eit barn til livet, og når vi følgjer eit medmenneske inn i døden.

Men alt som ligg i mellom fødsel og død, vandringa gjennom livet, kva skal den tene til, kva er det heilage føremålet med den?

Slik fekk eg sjå det då eg arbeidde med denne andakten:

Vi skal finne oss sjølve medan vi går mot Han. Vi skal bli kjent med vårt djupaste behov, med lengten etter Han, vårt opphav og vårt mål. Vi skal lære å følgje lengten, vi skal lære å leite og be og banke på dører, vi skal lære oss å bli menneske som lever i tru. Og slik skal vi bli klare til å stå andlet mot andlet med Gud.

Kjære tilhøyrar, er det noko i det eg seier, då blir det livsviktig å identifisere dei kreftene som vil hindre oss å finne Gud og oss sjølve og lære oss å møte dei praktisk.

Høyr Jesu undervisning om det gode liv i Mark. 11:

”Difor seier eg dykk: Alt det de bed om i bønene dykkar – tru at de har fått det, og de skal få det. Men når de står og bed, og har noko å klaga ein annan for, må de tilgje han. Då skal og Far dykkar i himmelen tilgje dykk misgjerningane dykkar. ”

Sjå der, vi kjem altså ikkje utanom å tale om synd og skuld. Men i vår samanheng er ikkje spørsmålet om skuld filosofisk. Vi veit at det ikkje er mogeleg å leve syndfritt. Seier vi at vi ikkje har synda, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss, les vi i Nytestamentet. Nei, på vegen gjennom livet, der vi skal øve oss i å bli menneske som trur, er spørsmålet heilt ut praktisk.

Kva skal vi gjera med skulda? Den vi står i til andre menneske og den andre menneske står i til oss. Når skulda hopar seg opp, stenger den alle kanalar for friskt liv. Den gjer bøna kraftlaus, den hindrar oss i å nå inn til Gud, til kvarandre, til oss sjølve. Vi veit at det slik - så kva skal vi gjere?

Jesu svar er lysande klart og enkelt, som det som høyrer den smale vegen til, den som føres til livet: Vi skal øve oss i å tilgje andre så Guds tilgjeving kan nå oss.

Du min far i himmelen, for di skuld, for mi skuld, for medmenneska si skuld. Gi meg å nå heim. Lær meg å tilgje.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Sondre Bratland syngje ”Pilegrim”.

  Andakt fredag 10/11.

Skog