Hopp til innhold

Ved Skaparens bord

Vi har slett ikkje gløymt å ta til oss av rettane ved bordet. Men vi har gløymt kva bord vi sit ved. At det er skaparens bord og at det er han som held disk og duk, seier Vigdis Berland Øystese.

Vigdis Berland Øystese.
Foto: NLA (for NRK-andakten).

Bibelteksten er henta frå Salme 145, 13-18.

På barndomens julefestar, eller juletrefestar som dei gjerne sa, vart det ofte brukt eit heilt spesielt bordvers før folk rundt treborda tok for seg av langebrødskiver med rullepølse og fiskepudding og appelsinskiver med krem, samt lefser av første klasse. Bordverset var slik:

Ramnungar ropar, Og du giv deim mette. Hungrande hopar Til ditt bord vert sette. Alt giv du føda Signar landsens grøda, Sender oss solskin og regn.

Denne strofa høyrer heime i salmen ”Himmelske fader, herleg utan like” av Elias Blix og stod i Nynorsk salmebok frå 1925. Strofa om dei svoltne ramnungane er borte i nyare versjonar av salmen. Vi høyrer henne ikkje brukt som bordvers heller.

Biletbruken kan verka vel heftig for oss som ofte er like mette som vi er svoltne når vi set oss til bordet. Og kven vil bli minna om dei hungrande hopane når ein vil ha seg ein bete mat i festleg lag?

Vi sit øvst ved verdas langbord, der det er rikeleg og overflod, og mange grådige hender og auge, munnar og magar.

Vi har slett ikkje gløymt å ta til oss av rettane ved bordet. Men vi har gløymt kva bord vi sit ved. At det er skaparens bord, at det er han som held disk og duk, og at han ønskjer rettferd og fred. At det er eit felles bord som skal ha plass til alle og nok til alle. At vi ingenting har som vi ikkje har fått. Og at fordi vi sjølve har fått, kan vi dela og gi.

Slik lyder det i Salme 145:

Ditt rike står gjennom alle tider, ditt herrevelde varer frå ætt til ætt. Herren støttar kvar den som fell, og reiser alle nedbøygde opp. Alle vender augo ventande til deg, og du gjev dei mat i rette tid.

Du opnar di hand og mettar alt som lever, med det som godt er. Rettferdig er Herren i all si ferd og trufast i alt det han gjer. Herren er nær hjå alle som kallar, hjå alle som ærleg kallar på han.

Skriv til Vigdis Berland Øystese her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer salmen "Himmelske Fader" med Randulf Saunes som solist sammen med Sunnmøre kristelege mannskor.

Høyr andakten 25. juli.

Skog