Hopp til innhold

Tilgje og trøysta

Å leve i relasjonar handlar også om at vi av og til gjer kvarandre vondt. At vi ikkje greier å vere slik mot kvarandre som vi helst vil, seier Ragnhild Jepsen.

Ragnhild Jepsen
Foto: Helge Helgheim / NRK

De skal tilgje og trøysta
Det er eit grunnvilkår som gjeld for alle menneske: Vi er skapte til å leve i relasjonar. Uansett korleis vi lever, må vi forhalde oss til andre. Også om vi skulle kjenne oss åleine, er det nokon som har eit band til oss.

Å leve i relasjonar handlar også om at vi av og til gjer kvarandre vondt. At vi ikkje greier å vere slik mot kvarandre som vi helst vil. At vi gjer kvarandre sorgfulle, når det vi ville var å gjere godt.

Veka vår byrjar med ein bibeltekst som handlar om dette. Om ein som skriv til sine beste vener og innrømmer at han har gjort dei vondt. Og at han så gjerne skulle gjere dei glade. Likesom dei andre skulle gjere han glad.

Apostelen Paulus skriv i 2.Korintarbrev:

Eg hadde bestemt meg for at eg ikkje ville koma å gjera dykk sorgfulle ein gong til. Om eg gjev dykk sorg, kven skal då gjera meg glad, om ikkje den eg har gjort sorgfull? Og nett difor var det eg skreiv. Eg ville ikkje koma og bli sorgfull av dei som skulle gjera meg glad. Og eg har den tiltru til dykk alle at mi glede er dykkar glede. I stor naud og med angst i hjartet skreiv eg til dykk, og mange tårer felte eg. Eg ville ikkje gjera dykk sorgfulle, men la dykk skjøna kor høgt eg elskar dykk…. Dette var óg grunnen til at eg skreiv. Eg ville vita om de held mål og er lydige i alt. Den som de tilgjev, tilgjev eg óg. Ja, om eg i det heile har noko å tilgje, har eg alt tilgjeve det for dykkar skuld, framfor Kristi andlet.

Eg tenkjer at bibelteksten i dag lærer oss noko om å vere til. Og om å kvile i det at vi skal leve saman som likeverdige menneske. For det er det vi er skapt til.

Vi blir utfordra til å kaste det vi har av stolthet og gamalt nag. Og vi blir oppfordra til å tilgje kvarandre det vi har gjort vondt – framfor Kristi andlet.

For når Kristus kunne tilgje oss, må vi kunne tilgje kvarandre, - og oss sjølve!

Når du ser deg i spegelen i dag, ser du eit menneske skapt av Gud. Når du møter blikket til eit medmenneske, ser du eit avtrykk av Skaparen.

Vi er skapt av ein vilje. Skapt av kjærleik. - Eg vil sjå deg med forventning!

Den som mest av alt har lært oss å sjå menneske med forventning, er Jesus. I alle sine møte med folk vi les om i bibelen, møter Jesus dei med det blikket som seier: ”Eg ser deg. Du er verdifull.” Ofte var det menneske som hadde falle utanfor dei rette rammene. Dei som var utstøytte. Dei som ikkje kjende seg tilgjevne. Men Jesus såg dei. Lekte dei. Forløyste dei når han sa: ”Syndene dine er tilgjevne.” Så kjende dei seg sett – og elska.

Gjennom denne dagen håper eg du får kjenne at du er sett med forventning og med tilgjevings blikk av dine medmenneske.

Men fremst av alt at du kjenner deg sett av Han som ser med kjærlege auge.

Med blikket som seier: Du er sett. Du er tilgjeven. Du er verdifull. Eg har kalla deg ved namn, du er min.

Skriv e-post til Ragnhild Jepsen.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Ingemar Olsson med "Du vet väl om att du är värdefull".

Andakt 20.10.08 ved Ragnhild Jepsen

Skog