Hopp til innhold

Tid for å sjå attende

Jesus oppmoder oss om å gå i oss sjølve og grunne over liva våre for å førebu oss til påska, seier Geir Gundersen.

Jerusalem via Dolorosa
Foto: Scanpix

God morgon!

Eg er blitt vaksen, godt vaksen er vel ordet, eg har fylt 60 år. Ut frå alminneleg visdom har eg byrja på den siste tredjedelen eller fjerdedelen av livet, vel vitande om at eg ikkje veit noko om framtida mi. Men der eg er i livet, har eg byrja å forstå at det er nyttig for dagen i dag å sjå tilbake, å grunne på vegen eg har gått så langt.

Dagens tekst er eit Jesusord frå Lukasevangeliet, kap. 18. Her høyrer vi korleis Jesus ser sitt eige live, kjerna i det, meininga med det. Han har teke dei tolv til sides. Han talar om sin eigen veg, men underviser samstundes sine vener om deira veg: ”Sjå vi dreg opp til Jerusalem. Alt som profetane har skreve om Menneskesonen, skal oppfyllast. Han skal gjevast over til heidningane og spottast og mishandlast og spyttast på. Dei skal piske han og slå han i hel. Og tredje dagen skal han stå opp att.”

Så langt Jesus. Men venene? Dei skjøna ikkje noko av dette, står det. Det var løynt for dei. Dei forstod ikkje kva han meinte. Sjå vi dreg opp til Jerusalem, seier Jesus. Det er ein invitasjon. Kjære Geir, kjære tilhøyrar. Gå med meg mot den stille veka og bu deg til påske. Gå inn i sentrum av livet ditt og grunn over det. I lyset av Jesus sin veg og disiplane sin veg, i lys av den forståinga han hadde kjempa seg fram til og det dei ikkje kunne forstå. Gå. Sjå. Tenk.

Så gjer eg det. I Jesu namn. Eg ber bokstaveleg tala for livet. Eg ber om å forstå litt meir av min veg i lyset av Jesus og disiplane sine veg. Kvifor er det så vanskeleg å akseptere korset? Utan korset, inga oppstode. Ikkje for Jesus, ikkje for disiplane, ikkje for meg.

Så gjer eg det. Eg tenkjer og ber til det går opp for meg. Slik at eg berre kan tale for meg sjølv, ingen andre. No veit eg at mine kors var nødvendige for meg. Kor avgjerande mine erfaringar av ”liten død”, av smerte eller sjukdom eller nederlag, var FOR MEG.

No kan eg ikkje anna enn sjå Guds finger, nei Guds kjærleik i det som eg måtte la fare. No stig det i meg ei roleg glede, innimellom hopp av fryd, korleis desse erfaringane av død er blitt til nytt liv for meg, korleis mønstret av kors og oppstode er skrevne inn i livet mitt.

”Skriv deg, Jesus på mitt hjerte, du min konge og min Gud, at ei lyst, ei heller smerte deg formår å slette ut. Denne innskrift på meg sett: Jesus i fra Nazareth, den korsfestede, min ære og min salighet skal være.”

Skog