Hopp til innhold

Tid for å be

Mange har den erfaringa at ”tida lækjer alle sår”. Men den tida kan vera lang, seier Jon Ådnøy.

Frans av Assisi i bønn
Foto: Maleri av Francisco de Zurbarán (1658)

Som prest har eg nokon gonger gått til pårørande etter ulykker. Ikkje sjeldan har nokon vore der før, og sagt ”det var nok ei meining med det som hende. Sjå det med Guds augo, så forstår du at det var til det beste for deg.” Det kan sikkert vera godt meint. Mange har den erfaringa at ”tida lækjer alle sår”. Men den tida kan vera lang. Då kan det kjennast brutalt å få noko slikt slengt i seg, når det vonde eller uforståelege nettopp har slått ned. Når den gode samanhengen som var, er blitt knust, og ein strevar med å finna eit mønster i dei bitane som er igjen.

Bibelen er ikkje der, at han skal pressa ei god meining inn på alle situasjonar. ”Er det nokon av dykk som har det vondt, så skal han be”, står det i Jakobs brev. Ikkje ei bortforklaring av det vonde. Slik skal me møta kvarandre òg. Den som har det vondt, skal få fortelja kor vondt det er. Kor godt det var før og kor tomt alt kjennest nå. Det er ikkje kristeleg å sukra det bitre med forsikringar om at alt kjem til å bli så mykje betre. Og slett ikkje at det vonde er noko ein kjem til å veksa på. La det vonde vera vondt, ikkje kall det noko anna. Det er bibelsk.

Har me det vondare nå enn før? Dei kroppslege smertene, som dei fleste generasjonar før oss fekk midt i fleisen, dei får ikkje herja med oss på same måten. Men smerta ved å leva, den er me likevel ikkje heilt kvitt. Eg lurer på om ikkje eit ømt punkt for mange av oss heiter frykt for ikkje å ha kontroll. Eg vil styra, heller enn å bli styrt. Eg vil stå støtt, ikkje mista balansen. Mange kjenner det som bortimot ei krenking, å mista kontroll. Når eg har det vondt, så er det ein unntakstilstand. Då går eg i verktøykassen, for å finna tilbake til normaltilstanden, som er kontroll. Tar to tablettar. Ringjer venninna. Oppsøkjer kiropraktoren. Går på spa, kjøper dei tinga som får meg til på kjenna meg som konge eller prinsesse i mitt eige liv.

Nokon gonger er det vondt, likevel. Inni meg er eg då kanskje ikkje meir enn fire år, og treng prinsesseplaster på såret, eit fang å sørgja i, nokon som kan stryka meg over håret og seia så, så. Eller som Bibelen kallar det: Har du det vondt, skal du be. Noen ganger er det helt ålreit.

Skog