Hopp til innhold

Påtrengande

Bibelen er på sitt vakraste når han set ord på Guds velsigning. Guds gode gåver, dei er så store og rikelege og mangfaldige at eg ikkje kjem meg unna, seier Jon Ådnøy.

Jon Ådnøy
Foto: Privat

Teksten er henta frå 5. Mos. 28, 1-10.

Eg har dotte i sjøen på vinteren. Med klær på. Du blir våt på ein heilt annan måte, då, enn når hamnar uti på sommaren, eller tar eit planlagt isbad på vinteren.

Det kalde vatnet i andletet er ikkje det verste - kinn og panne er van med vinterluft og snø. Men den isande kjensla når vatnet slår mot den kalde huda rundt handledda, i halsen, oppetter underarmane og nedover brystet, den er ikkje god.

Når vatnet er komme så langt, så har det første sjokket gitt seg, og det går opp for deg at det berre er eit tidsspørsmål, så er du våt og kald til skinnet. Og registrerer at vatnet finn veg gjennom kleda, piplar rundt ryggen, ned i støvlane, inn til kvar kvadratcentimeter av hud.

Det er mange filmar som liknar på dette. Ikkje med vatn, men med skurkar som er på jakt etter ein stakkar. Litt etter litt strammar nettet seg saman. Offeret veit, og me som ser på veit, at det berre er eit spørsmål om tid, så har dei han. Heldigvis går alt an på film, så det kjem gjerne ein helt og ordnar opp, akkurat når det er nifstast.

Bibelen er på sitt vakraste når han set ord på Guds velsigning. Guds gode gåver, dei er så store og rikelege og mangfaldige at eg ikkje kjem meg unna. Når menneske blir råka av Guds signing, så er det ikkje grenser for korleis ho breier seg, trenger seg inn over alt. Som isvatnet, berre med positiv effekt. "Velsigna vere du i byen, og velsigna ute på marka" (5. Mos. 28, 3).

Fine ord. Men skjer det? Er det slik?

Tre ting. Det første er at det er ein samanheng mellom å vera lydig mot Gud, og velsigning. Det andre er at velsigning ikkje berre er eit spørsmål om korleis eg har det, men også om korleis eg tar det. Det går an å øva seg opp i å få auga på Guds finger i det som er mitt liv.

Det siste er at det går ikkje an å tvinga nokon til å kjenna seg velsigna. Har eg det vondt, skal ingen fortelja meg at eg eigentleg har det bra. Men óg då vil eg halda fast på håpet til Gud. Venta på og masa om at hans gode gåver skal trengja seg inn på heile meg, så eg kjenner det, og ikkje er i tvil.

Skriv e-post til Jon Ådnøy.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer Hilde Svela syngje den gamle keltiske ”Velsignelse ved reisestart”.

Høyr andakten 6/9.

Skog