Hopp til innhold

Ny innanifrå

Og apostlane venta. I ein sal i eit hus i Jerusalem. Dei ordna opp i ein del saker. Dei valde ein ny apostel, Mattias, til å ta Judas sin plass, fortel Geir Gundersen.

Geir Gundersen.
Foto: L. P. Lorentzen

Teksten er henta frå Ap. gj. 2, 1-13.

God morgon!

”Frå djupet der eg lever, ropar eg til deg, Herre. Her nede ventar eg på din Ande, som kjem til meg frå det høge.

Eg kan ikkje rope, dersom du ikkje gjer meg ordet. Send din Ande frå det høge så eg kan tru,

så eg kan elske og finne eit ord som kan lovsynge deg. Send din Ande frå det høge så eg ikkje snakkar til meg sjøl når eg ber, men vender meg til deg. Så eg ikkje høyrer på meg sjøl, men lyttar til deg. Så du er i meg og ikkje berre over meg. Amen.”

Slik ber vi i den kristne kyrkja i desse pinsetider. Slik har vi alltid bedd sidan apostlane sat i ein sal i Jerusalem og venta på Herrens time. Sjå flokken som ventar. Smak på bøna i deira hjarte: Send din Ande Gud, som Jesus lova, så vi kan bli nye innanifrå.

Om du vil, kan du legge deg sjøl inn i denne bøna, livet ditt slik det er, og lengslane dine slik dei kviskrar i djupet: Måtte det vedunderlege skje, noko nytt, noko heilt nytt, som stig i meg innanifrå, som lyser opp auga mine innanifrå, som varmar opp huset mitt innanifrå, noko anna enn sjølstrev og forbetringsarbeid, eit nytt sinn, eit nytt hjarte.

De må vente, hadde Jesus sagt til sine læresveinar i den merkelege tida dei hadde saman etter oppstoda. De må ikkje reise bort frå Jerusalem, men vere saman og vente på det som Faderen har lova og som eg har tala om, at de skal døypast med Den Heilage Ande.

Og apostlane venta. I ein sal i eit hus i Jerusalem. Dei ordna opp i ein del saker. Dei valde ein ny apostel, Mattias, til å ta Judas sin plass. Men heile tida venta dei. Og på pinsedagen var dei alle samla.

Kjære tilhøyrar, lat oss finne vår plass i den flokken som enno ventar på det uhøyrde nye.

For no hender det. No kjem det eit brus frå himmelen, les vi i dagens tekst frå Apostelgjerningane 2. Som når ein mektig vind fer fram. Den fyller heile huset. Den viser seg som tunger av eld over kvar einskild av lærarsveinane.

Men det er inne i dei at det nye bryt fram. Dei blir alle fylte av Den Heilage Ande. Og den tek til å renne over med ein gong. For krafta frå det høge er ikkje gjeven til intern hygge. Guds Ande er Guds eigen kjærleiks eld på veg for å lyse opp mennesket innanifrå. Og straks byrjar apostlane å tale, på alle slags tungemål, så menneske av kjøt og blod skal få høyre godt nytt på hjartespråket sitt.

Frå djupet der eg lever, ropar eg til deg, Herre. Her nede ventar eg på deg. Gjer meg ny innanifrå så eg kan gå ut i dagen og møte kva det skal vere.

Skriv e-post til Geir Gundersen her.

* * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * * *

Vi høyrer ”Apostlene satt i Jerusalem” med Hamar domkor.

Høyr andakten 29. mai.

Skog