Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hos Gud! Det er englane som forkynner bodskapen om Jesu fødsel. Frå sin høge himmel syng dei ut gleda, og gleda får etterklang hjå enkle gjetarar på markene ved Betlehem.
Samstundes er eit ungt foreldrepar i ferd med å skjøne det store som har skjedd dei: Dei har fått dette barnet i hendene sine; no er det dei som skal ta seg av det, vise det omsorg, varme og kjærleik. Varmen og kjærleiken må dei syte for sjølv, for vilkåra deira er enkle og kalde – Som vi veit: Det var ikkje rom for dei i herberget. Men likevel – det var deira barn englane song for.
Guds herlegdom på himmelen julenatt står i stor kontrast til det mange – kanskje dei fleste menneske på jorda – opplever. Men likevel er det denne kontrasten jula overraskande gjev oss: Guds herlegdom som blir openberra på markene den fyrste julenatta er gjeven til alle som ikkje har eit land dei rettmessig kan få kalle sitt; til alle som ikkje finn ly og husrom, til dei som sit i fengsel, som er fattige, krenka og opplever urettferd.
Det er vel så store motsetningar i verda i dag som det var på Jesu tid. Vi skal ikkje løfte blikket og sjå langt før vi på same tid ser fattigdom og velferd, rettferd og tyranni, vald og arbeid for forsoning, hat og kjærleik.
Menneske treng håp. Og i dei fyrste juledagane fekk verda sjå at håpet tvang seg fram i mørke og kulde. Det som tilsynelatande var svakt og puslete, det vart den krafta som etter to tusen år framleis kan kjennast. Som vi framleis kan tru på.
Difor er jula ei løfterik høgtid. Lyset kom til jorda. Den skjøre flammen viste seg sterkare enn all jordisk makt. Den første jula var eit vendepunkt i menneskets historie. Verda vart aldri den same. Og verda vart aldri forlatt. Guds framtid er vår framtid. Vår framtid er Guds framtid!
Det var englane som forkynte bodskapen om Jesu fødsel. – Og det var dei enkle gjetarane som høyrde og gjekk, og som let bodskapen forandre både sitt eige liv og liva hjå dei dei møtte og kunne fortelje det til. Viss dei motsetningane – himmel og jord - kunne førast saman, skulle ikkje vi også kunne tru at motsetningar vi meinte var uoverstigelege, likevel kan møtast og førast saman?
Julenatta har gjeve oss umåteleg stor glede – og tru på at menneska kan finne saman i fred.
Når Gud elskar oss, skuldar ikkje vi også å elske kvarandre?
Når Gud vil møte oss, skuldar ikkje vi også å møte kvarandre?
Ragnhild Jepsen
Musikk: Nidarosdomens Guttekor og Henning Sommerro - «Den fattige Gud»