Ein dag med vemod for somme, men også med takksemnd. Ved inngangen til året som snart er omme hadde nokre håp og forventningar. Andre gjekk inn i året med sorg eller frykt. Vi visste ikkje om alt som ville kome. No veit vi. Difor er årsskiftet ei sårbar tid.
Etter glade, mette juledagar kjem nyttårsaftan med både alvor og forventning. Dagane rundt årsskiftet er dagar for taler – både dei improviserte rundt borda med gode vener og familie. Men særleg dei høgtidelege talene som vi benkar oss saman rundt radio og tv for å høyre, er viktige. Nokre gonger i livet, og i året, er det viktig at vi høyrer det same. At vi er mottakarar av ein bodskap saman. Det skaper fellesskap og retning. Og det bind oss til kvarandre.
Når Jesus tala, lytta dei som var rundt han. Det er sagt at nokre av talene hans kan rangerast som av dei beste talene som er halde gjennom historia. Jesus talte til menneske som var slik som oss. Dei var disiplane hans; han skulle reise frå dei – dei skulle greie seg på eigahand. Dei stod framfor noko nytt. Ikkje eit nytt år, men ei ny tid.Dei trudde dei skulle leve utan Jesus. Dei trengte også ein tale for ukjente dagar.
Og Jesus såg kva dei trengte. Han gav dei ord til trøyst. Han fortalde dei om den kjærleiken som bind Gud til menneske – som ikkje let seg rokke, uansett kva som møter oss gjennom livet av medgang og motgang; av gleder og sorger. Han fortalde om at Gud ville gje dei ein del av seg sjølv, så dei aldri skulle vere åleine. Så dei alltid hadde ein å gå til når dei kjente seg motlause. Han sa:
Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!
Vi har feira jul. Og vi har høyrt bodskapen om Jesus som kom til jorda. Juleevangeliet er forteljinga om Gud som bind seg til menneske. Som gjennom den minste, men også gjennom det ukrenkelege, har lagt seg sjølv att på jordgolvet i stallen. Song ikkje englane på himmelen over Betlehemsmarkene også om fred? Men julefreden var ikkje eit «der og då-fenomen», noko som galdt den eine natta. Bodskapen om Guds fred er tidlaust og evig. Den er der for oss å tru på. Det er ein fred som startar inne i oss. Først når den har fått feste og rot i hjartet, kan den bli verkeleg i verda.
Med Guds fred går vi ut av det gamle året. Med Guds fred går vi inn i det nye. Godt nytt år!
Ragnhild Jepsen
Musikk: St Olaf Choir og Nidarosdomens jentekor - «Lo, How a Rose e´ér Blooming/The Rose»