Vi er så glad i den krybba. Kvart år er det fint å ta henne fram; pakke figurane ut av krøllete avispapir med arabiske skriftteikn; sette dei på rett plass. Håpe at vismennene når fram med gåvene sine også dette året. Og at Jesusbarnet ikkje har forsvunne i gulna papir etter førre julefeiring.
Men då vi pakka krybba ut fyrste gong, kunne vi ikkje finne Josef.
Det var kongar der. Dyr. Gjetarar. Men ingen Josef! Han var liksom ikkje rekna med.
Så vi tok ein av gjetarane og sette han saman med Maria og barnet inne i stallen. No står han der, vår Josef; stor og varm og trygg med staven i handa. Han vernar om det vesle barnet. Og ikkje minst vernar han om Maria; ho som er sårbar, skaka og uendeleg glad. Glad for alt som har hendt henne. Glad for barnet. Og glad for Josef.
Vi skal også vere glade for Josef. Han som fekk så mykje meir enn han vel hadde tenkt seg då han såg for seg ei framtid med Maria i Nasaret. Josef var lydhør for Guds vilje med seg og familien. Han visste ikkje kva som ville kome, men han fekk styrke og visdom til å ta i mot og vandre gjennom. Juleevangeliet fortel:
Etter at Herodes var død, synte Herrens engel seg i ein draum for Josef i Egypt og sa: «Stå opp, ta barnet og mora og dra til Israels-landet! For no er dei døde, dei som ville ta livet av barnet.» Då stod han opp, tok barnet og mora og fór til Israels-landet.
Josef – Jesu omsorgsperson på jorda – han er vernehelgen for dei heimlause og for alle hospits; for dei som treng vern; nokon å søkje tilflukt hjå. Slik Josef var modig og tok i mot Maria og barnet ho bar, slik kan vi også vere modige og ta imot dei som er sårbare; skaka, sett til side.
Etter reglane i dåtidas samfunn kunne nok Josef godt ha sagt frå seg ansvaret for Maria då det viste seg at ho var med barn – og at det ikkje var hans. Han ville fått forståing og hatt retten på si side dersom han hadde gjort det. Men Josef var lydhør for Guds vilje og Guds plan. Han gjorde slik engelen hadde bode han, både då han redda Jesus frå Herodes` forfølgjingar, og då han tok med seg Maria og barnet heim att til Israels-landet då det igjen var trygt for dei å reise.
Vi høyrer ikkje meir om Josef etter at Jesus blir vaksen og tek til med si gjerning. Men det er fint å tenkje på kva han må ha betydd for den unge Jesus. Kva han lærte frå seg. Kva han formidla. Alt han fekk tilbake. Og at han har sin rettmessige plass – både i julekrybba og i julebodskapen.
Eg ser på Josef i julekrybba og tek forteljinga om han med meg inn i denne dagen.
Ragnhild Jepsen
Musikk: Sofia Karlsson - «Jul, jul, strålande jul»