Du har høyrt om Sara, ikkje sant?
Kona til Abraham.
Kanskje du og høyrt nemninga Abrahams barn?
For vi er Abrahams barn, jødar, kristne, muslimar: Ein mann, to søner, tre religionar. Her og no, i dag, - Du kor mykje vi kan snakke om på tvers av ulike religionar og lære av kvarande! Treff du på ein muslimsk eller jødisk eller kristen nabo i dag, spør om Hagar! Træl/eller slave-kvinna Hagar.
Slavekvinnene utgjer ein viktig del av historia om kvinnene i Bibelen. Ei trælkvinne var eigedomen til han eller ho som åtte henne. Ho var anten kjøpt eller teken til fange som krigsbytte. Ein mann kunne selje dotter si som trælkvinne, men ikkje kona si. Hagar var trælkvinne til Sara og dermed eigedomen hennar. Då Sara og Abraham drog frå Egypt, følgde ho med.
Abraham er felles stamfar for to ætter med kvar si stammor. Medan jødar og kristne reknar seg som ætlingar av Isak, son til Sara, reknar muslimane seg som ætlingar av sonen til Hagar, Ishmael.
Då Sara ikkje fekk barn, bad ho Hagar til å liggje med Abraham. Ei slik ordning mellom kone og trælvinne var vanleg praksis. Men so vart Sara sjalu på gravide Hagar, og Hagar lo av Sara som ikkje kunne få barn. Kranglinga mellom dei to kvinnene vart så fæl at Hagar til slutt måtte reise frå Sara og Abraham. Me les at Hagar rømde sin veg fordi Sara var ”hard mot henne.”
I ørkenen gjekk Hagar og Ishmael tom for mat og tom for drikke. Dei heldt på å tørste i hel, men dei ble redda av Gud, både i den kristne, jødiske og muslimske forteljinga. Hagar og Ishmael blei redda av at ei kjelde dukka opp på mirakuløst vis. I den muslimske versjonen av denne forteljinga er dette zam-zam-kjelda i Mekka.
Og Hagar er den første personen i det Gamle testamentet som gir Gud eit namn. Namngivinga spring ut av hennar eiga erfaring av å bli sett: ”har eg her verkeleg sett han som ser meg? « (1. Mosebok 16,13) Her namngir Hagar Gud El Roi, du som ser meg.
Teologen Delores Williams fortel om Hagars betydning for dagens kvinner: som afrikansk slave, heimlaus i eksil og aleinemor, tvungen mor og surrogatmor syner ho både stor trass og stor overlevingsevne. Dette er til stor trøst og inspirasjon for afroamerikanske kvinner i dag, seier Williams.
Eg, og kanskje du og, kan finne styrke hos Hagar, ho som midt i elendet skimta Gud.
Kari Veiteberg
Musikk: Kristin Asbjørnsen - «I Am A Poor Wayfaring Stranger/Going Over Jordan»