Dufta av brød set meg på tanken om Abigajil. Abigajil, far gler seg, tyder namnet hennar. Ho var i følgje det som står i Bibelen like vakker og klok, som mannen, Nabal, var vrang og vond. Og ho var ein meister til bake : Hundre rosinkaker og to hundre fikekaker!
Kong David og dei 600 mennene hans, var på flukt frå kong Saul og dei kom til fjellet der bonden Nabal hadde bodskapen sin. Dei var svoltne og bad Nabal om litt mat. Dei tenkte at Nabal sikkert ville vera glad for at dei hadde slått seg ned i dalen hans, og dermed hindra røvarar og rovdyr frå å ta dyra hans. Men Nabal var vrang og sær. Han ville ikkje gi frå seg så mykje som ein smule.
Då Abigajil, kona til Nabal, skjønte kva som var på gong, blei ho opprørt. Ho smaug seg bort til matteltet, lasta nokre esel fulle og skunda seg nedover fjellet. Høyr kva ho hadde med seg: To hundre brød, to skinnsekker med vin, fem tillaga saueskrottar, fem sea, det er om lag 60 liter, rista korn, hundre rosinkaker og to hundre fikenkaker. Det leste ho på esla.
Abigajil torde ikkje å fortelja mannen kva ho hadde gjort før morgonen etter. Då Nabal høyrde det, var det som om hjartet hans ville stogga og han vart som ein stein. Kort tid etter døydde han. Då David høyrde at Nabal var død, søkte han opp til Abigajil og fridde. Kva lærer me av Abigajil? Ho er snarrrådig og godhjarta. Ho trassa mannen sin, fordi han viste seg å vere det motsette: gniten og kald. Eg går for rausheita og brød til alle!
Eg tenner eit ljos for Abigajil, og eit ljos over dagen din.
Kari Veiteberg
Musikk: Lutherska Missionskyrkans Kör og Johanna Fridolfsson - «Arriba los Corazones» («Nu Öppnar Vi Våra Hjärtan»)