Men det aller viktigaste for at eit råd vert følgd og verdsett, det er at det er gjeven av nokon som anten står oss nær, eller som vi har djup respekt for, - ein eller ei som er klok, som veit noko om livet. Eit råd som vert gjeven av nokon som ikkje veit kva dei pratar om, det er ikkje eit godt råd.
Difor lyttar vi til dei vi trur på – dei som sjølv har erfaring – dei som overbeviser oss med sitt liv og sin livsførsel. Dei som lever livet truverdig!
Ein som gav mange råd, var apostelen Paulus. Og enno i dag er råda hans aktuelle og gode for oss å følgje. Men eg tenkjer mykje på dei som fekk råd frå han når han skreiv brev til dei første kristne, dei som trudde på Jesus i tida rett etter at han hadde levd på jorda. Mykje var nytt for dei. Mykje var farleg for dei, menneske omkring ville dei vondt. Men mykje var fantastisk også! Dei delte alt med kvarandre og kjente styrke hjå kvarandre, mest gjennom trua på Jesus.
Gode førebilete og gode råd trengte dei! Og eg ser for meg korleis dei opnar breva frå Paulus mellom seg og lyttar med andakt når nokon les høgt for dei: Kva har han å seie denne gongen? For Paulus er Herrens apostel, ein som på ein særleg måte veit kva det vil seie å leve nær Gud.
No opnar Timoteus brevet og les kva Paulus skriv:
Du skal vera edru i alt det du gjer! Ber lidingane, gjer evangelistens gjerning og fullfør di teneste!
Eg trur Timoteus tek med seg orda – ikkje berre inn i dagen, men vidare med i livet sitt. Dette visste han at han måtte gjere – som ein Jesu etterfylgjar var det forventa av han at han gjorde det.
Men så er det også dette: Orda er truverdige fordi dei er sagt av ein mann som levde slik sjølv. Om Paulus veit vi at han vart avretta på grunn av trua si. Han bar lidingane, gjorde evangelistens gjerning og fullførte tenesta.
Det er mange råd som nok er enklare å følgje enn dagens bibelord. Men som likevel er viktige for å leve eit truverdig liv. Men for alle desse bibelorda, som kan synast krevjande og utfordrande, skal vi vite at dei spring ut frå dette livgjevande: Jesus Kristus som møter oss med sin nåde og kjærleik.
Ta det til deg! Det er eit råd frå meg til deg.
Ragnhild Jepsen
Musikk Dyraste Jesus Minikoret