Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 8. desember

Frå kvar ein krok

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Eg var prest i Tromsøysund prestegjeld i åtte år, med Ishavskatedralen i Tromsø som soknekyrkje. Eg kom heilt fersk frå Menighetsfakultetet og vart kasta ut i nordnorsk folke- og kyrkjeliv. Eg elska det.

Prestegjeldet var stort som Vestfold fylke. I juletida var det gudstenester under kvar ein busk, så å seie, i kyrkjer, kapell, bedehus, private heimar. Men eg må nok seie at høgdepunktet var ettermiddagsgudsteneste og påfølgjande juletrefest 2.juledag i Finnkroken kapell på Reinøya.

I spissen for det heile Leif og Johanne Lockertsen. Eg ser dei stå og ta imot folket som kom gåande, syklande, sparkande og bilande frå nord og sør på øya. Kapellet overfylt. Først gudsteneste med organist Andreas ved orglet. Så vart rommet rydda til fest, programmet var det same kvart år.

Leif leia oss trygt gjennom appelsinleiken og gang rundt treet. Johanne og flokken av damer sto for maten. For ei feiring av barnet i krybba og barnet i oss alle! Til slutt reiste vi oss og sang Finnkrokens nasjonalhymne: Kom til den hvitmalte kirke! Fleirstemt med Leif som solist.

Eg ser dei no, folket frå Grøtnesdalen og Finnkroken, togande til fest. Dei går saman med menneske eg har lært å kjenne og bli glad i gjennom livet og arbeidet mitt, klassekameratar frå Skodjebygda, Blå Kors-grupper frå Kristiansand, Lesotho og Brasil. Eg ser dei gå om kvarandre i dette store toget som Herborg Kråkevik snart skal synge fram:

Nå vandrer fra hver en verdenskrok,

i ånden frem, i ånden frem,

et uoverskuelig pilgrimstog

mot Betlehem, mot Betlehem.

Eg finn min plass i adventstoget, med kjende og ukjende andlet rundt meg. Borna fremst, så kvinner og menn, "selv skjelvende gamle tar sin stokk", så der går eg, mannen med kjeppen eg treng, "til krybben hen, til krybben hen".

"For alle har samme hjertetrang", syng Herborg. Og eg tenkjer, det må vere sant, at djupast i oss bor den same lengten etter liv, fred, rettferd. Så i dette toget kan vi famne alle vi er glade i og alt vi bryr oss om i hjartet vårt, ja vi kan ta med oss Verda slik den faktisk er, heilt fram til Barnet.

Vel framme gir vi alt over til Barnet, oss sjølve og det vi har med oss, som vår gåve, den han lengtar etter å få. "Da eier du nok til freidig å dø og leve på, å leve på".

Geir Gundersen

Musikk: Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene - "Nu vandrer fra hver en verdenskrok"

Skog