Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 27. juli

Pilegrim IV

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Eg nærmar meg målet. Denne veka er eg pilegrim på veg til Nidarosdomen, der pilegrimane samlar seg til olsokfeiring. Det eg ser mest fram til i dag, er å kome til det punktet som frå gammalt er kalla for Fegingsbrekka – gledens bakke, staden ovanfor Trondheim der pilegrimane for fyrste gong kunne skimte synet av byen og spiret på domkyrkja. Historia fortel: Der fall dei på kne og takka Gud.

Det er viktig å vere undervegs, å kjenne at ein er her og no, at vi tillegg dagane vekt og er til stades, ikkje berre tenker på noko som skal skje ein dag, eller at det vi har ikkje er verdifullt fordi det er noko anna vi skal streve etter.

Men når eg no skimtar målet der framme, tenker eg at jammen er det viktig å verdsetje det også. Det er som om målet og gleda over å nå fram, kastar lys attende på det eg har opplevd og gjev meining til samtaler eg har hatt, menneske eg har møtt, bøner eg har bedt.

Kanskje er det ikkje alltid så lett å vite kva som er målet for eller i livet vårt. Det er så mykje som hender undervegs og som krev så mykje av oss, at det å tenke på at noko skal vente der framme, berre forstyrrar eller ikkje er mogleg å seie noko om.

Å vere pilegrim er å vandre i spora etter dei som har gått her før oss. Og nokre av dei har gjeve oss god reiseføde til ferda. Ein av dei er apostelen Paulus. Han sa vel aldri om seg sjølv at han var pilegrim. Men han vandra, han lengta mot eit mål som gav han meining til dagane. Han visste alltid kva og kven som var målet for vandringane – det var Jesus, og eit evig liv i frelse hjå Gud. Paulus sa at han var gripen av Kristus Jesus.

Når eg om litt står ved Feginsbrekka og ser inn mot mitt vandringsmål, takkar eg for menneske eg har møtt undervegs. For den vakre naturen eg har fått oppleve. Men mest takkar eg for at eg der framme får ta i mot ei meining med livet. Og igjen bed eg: Herre, vis meg din veg og gje meg vilje til å gå den.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Skruk – "Alltid freidig"

Skog