Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 25. februar

Medvandrarar

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Vi er gjevne til kvarandre, vi som lever på jorda. Vi høyrer uløyseleg saman. Vi veit det av erfaring. Og vi erfarer det gjennom livet: Når ein lem lid, lid den andre med. Når vår neste er glad, gler vi oss med henne.

På same tid er vi jordbundne og himmelvende. Vi kjempar for å kjenne oss fri. Og vi lengtar etter å høyre til.

Bibelen fortel om korleis menneske til alle tider har slåss med Gud.

Adam og Eva var dei fyrste. Dei hadde all tillit hjå Gud, sin skapar. Dei var sjølv tillitsfulle overfor Gud. Men dei braut tilliten ved å trå over grensa som var sett for dei i Paradisets hage. Og sjølv hadde dei ikkje lenger tillit til at Gud ville dei vel og elska sine skapningar.

Bibelforteljingane er fulle av skildringar av menneskets tvil og trass, kamp og kjærleik: Vi er uløyseleg bunde til vår skapar. Vi har ein uendeleg trong i oss til å skape vår eigen fridom.

Alle desse dagane – ikkje visste eg at det var livet, seier diktaren. Og i visa heiter det: Lyset og skuggen er sysken på jorda. Så er det nokon som har sett ord på dette vanskelege; at livet er både godt og vondt, at vi er tillitsfulle og skeptiske på same tid. Og at vårt Gudsforhold handlar om spennet mellom forplikting og fridom.

Kjære medvandrarar - for er det ikkje det vi er? Vandrarar på den same vegen, som er livet. Den vegen som startar ein stad og har eit sluttpunkt vi ikkje heilt veit kvar er.

Men medan vi går her er vi gjevne til kvarandre. Og vi kan tru at vi har ein medvandrar som viser oss den gode vegen å gå på, også når det kan synast vanskeleg, og vi heller vil gå våre eigne stigar.

Kven er så min neste – spurte ein rik ung mann som var komen eit stykke på vegen. Han syntes det var utfordrande å tenke seg at det var dei han gjekk saman med, uansett kven dei var, kvar dei kom frå, kva dei bar med seg av tunge bører og kva det ville kreve av han å stanse opp og gje dei ei hand.

Men så var det nettopp det han fekk til svar: Din neste er ditt medmenneske. Din neste er den som ber i seg Jesu merke og verd. Du kan ikkje gå forbi. De skal gå saman.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Vindrosa - "Danse mi vise, gråte min sang"

Skog