Det er slike spørsmål som reiser seg denne første veka etter påske. Det er slike spørsmål som dirrar i andaktstekstene våre. Dei følgjer etter kvarandre som perler på ei snor frå det 20.kapitlet i Johannesevangeliet. Steg for steg fører evangelisten oss gjennom det som hende den første dagen i veka. No er vi komne fram til kvelden.
Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, seier Johannes, for dei var redde for jødane. Sjå dennne flokken fylt av angst og finn din plass mellom dei. Ryktene har gått, om ei tom grav og om somme som meiner dei har sett Herren. Men her er det angsten som rår, vi får seie det som det er, angsten for å misse livet slik deira meister hadde gjort. Redsla bind flokken saman bak ei stengt dør.
Då kom Jesus, skriv evangelisten. Han stod midt imellom dei og sa: ”Fred vere med dykk!” Då han hadde sagt dette, viste han dei hendene sine og sida si. Læresveinane var glade då dei såg Herre. Igjen sa han til dei:”Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg sender eg dykk”.
Eg les desse orda med trua sine auge. Viss ikkje, hadde eg ingenting her å gjere. Men med dei auga, ja nettopp med dei auga, kan eg sjå og smake og kjenne kor sterkt og kor skjørt det var, det som hende bak dei stengde dørene i eit hus i Jerusalem den gongen. Her er inga bevisføring. Men eit lavmælt vitnemål om ei vending, ei heilt avgjerande vending for Jesu flokk. Dei ser Jesus, seier Johannes, dei ser ein kropp med sår i hender og side, dei kjenner att sin krossfeste rabbi. Men den avgjerande vendinga skjer i hjartet. Når sorg og redsle blir snudd til glede og fred. Den freden dei redde læresveinane får i gåve frå sin levande meister når han pustar, andar på dei.
Slik skal vi alltid kjenne att Meisteren hos dei som følgjer han. Gjennom ”Andens frukter”, gjennom gleda og freden dei lever av og strålar ut.
Herre, eg gir meg over til deg. Lat meg får bli ein del av di fredsgåve til den verda eg tilhøyrer, den du skapte og skapar , den du elskande leier fram mot ditt mål. Amen.
Geir Gundersen
Musikk Velsignelse ved reisestart Hilde Svela