Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 23. juni

Eit ubryteleg band

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

På den lysaste dagen i året går vi inn i Nidarosdomen med takk og glede.

Det er 25-årsdagen for signinga av Kong Harald og Dronning Sonja. Vi skal feire med stor gudsteneste. Kyrkja er pynta med blomar og lys og er om mogleg enda vakrare enn elles. Korsongarar og musikarar har øvd i veker og er klare til å yte sitt aller beste. Bøner og tekster for dagen er nøye valt ut for å bygge opp under det vi skal minnast på: Guds velsigning over livet vårt og over det vi er sett til å gjere, uansett kva for oppgåver livet byd på.

Å takke er eit risikabelt prosjekt fordi det betyr at ein gjev noko frå seg. Når ein takkar, er det som ein set seg i ein relasjon til den andre, det oppstår eit band som ikkje kan brytast – vi har noko saman. Nokon tenker kanskje at når ein takkar, viser det at ein har sett seg i skuld til den andre; at vi må gjere noko til gjengjeld.

Men når vi takkar Gud, blir bandet mellom oss stadfesta. Vi er ubryteleg knytta til kvarandre, Skapar og skapning, uansett kvar vi kjem frå eller kven vi vedkjenner oss til. Gud er den som i alt er annleis; opphøgd, heilag.

Men når vi takkar, er det som vi kjem attende til der vi er meint å vere. Ein dag skal vi attende til den himmelen vi ein gong kom frå. For å takke og prise Gud, det er det vi er skapte til. Å takke er å lytte etter dei draumane for våre liv som Gud ber i sitt hjarte.

I dag er dagen for å stanse opp og takke for at Gud går med i dagane våre. Også når vi trudde vi gjekk åleine, var det eit gudsnærvær. Det er ikkje alltid vi ser det. Men i dagane våre er Gud alltid med. Alle dagane. Dei vanlege. Dei spesielle. Det kan vi takke for:

Da stig vår song, vår takk til Gud

for spor på strand, for bølgjers slag:

Kom natt, kom søvn, kom morgongry,

kom, evig sommars lyse dag.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Det Norske Jentekor og Tord Gustavsen - "No stig vår song, vår takk til Gud"

Skog