NRK Meny
Normal

Morgenandakten torsdag 14. april

Heime

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Korleis eg kom til tru? Eg tenkjer: Mi tru er mi og den er arva. Den er mi som arv, den er mi som ein arv eg forvaltar og slik blir den mi personlege tru. Eg kom ikkje på den sjølv, eg saug den ikkje frå mitt eige bryst. Eg fekk den. Og først og fremst fekk eg den frå mine jordiske foreldre, mor Ester og far Harry, dei gav meg det beste dei hadde.

Fordi dei sjølve hade latt trua bli eit lys i seg, tok eg imot den som eit lys. Arven var pakka inn i mors og fars kjærleik.

Foreldra mine likte å ta imot preikantar, emmisærar, i heimen. Ikkje alle var like gode å få i hus, men eg veit at dei synes det var stor stas når Leonard Gudmundsen kom på besøk. Han var lett å snakke med, han var på deira eigen alder – og han kom med så fine sangar. Tekst og melodi: Leonard Gudmundsen. Ein av dei mor likte særleg godt var: Hjemme i himlen. nr.898 i den nye salmeboka for Den norske kyrkja.

Eg trur ikkje eg var den einaste som opplevde det som eit høgdepunkt under NRKs salmemaraton når Helge Gudmundsen – han som hadde ideen til dette programmet – tok plass i koret og sang far Leonards sang.

Hjemme i himlen er smertene borte.

Ingen skal lide og pines som her.

Hjemme i himlen skal ingen mer klage

Fullkommen glede skal fylle oss der.

Det er ikkje stor poesi. Men når tekst og melodi smeltar saman blir det stor kraft. Og når Solveig Slettahjell syng, blir det kunst.

"Sjå Guds bustad er hos menneska", skriv Johannes i Openberringsboka.

"Han skal vere deira Gud.

Han skal tørka kvar tåre frå auga deira.

Og døden skal ikkje vera meir, og ikkje skrik og ikkje pine.

For det som ein gong var, er borte".

Krafta i Leonard Gudmundsens enkle sang, ein av dei mange som har funne vegen frå Bedehuset til Salmeboka, er krafta i den kristne utopien, i det kristne håpet, at ein gong skal det som no er vike for det som skal kome. Mennesket blir ikkje mindre av det håpet, det misser heller ikkje bakkekontakten. Det blir seg sjølv, eit jordisk vesen som strekker seg mot ein større røyndom, mot Gud, sitt opphav – og opnar seg for Han her.

Tekst: Op. 21, 3-4

Geir Gundersen

Musikk: Solveig Slettahjell - " Hjemme i himlen"