Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 13. september

Gammal arv og nye tankar

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Jeremia 29, 11

I alle menneskes liv kjem det ei tid for å lyfte blikket og sjå over fjellet. Der det ikkje er noko tak som stansar tanken, men der viddene er uendelege og liene bratte, og himmelen over ein berre er - så langt ein kan sjå, og enda lenger enn det.

"Kvar kjem du frå?", spurte medstudentane mine då eg kom til Oslo for å studere til prest.

"Frå Ål", svara eg. "Nei, vi meinte det ikkje slik. – Kjem du frå eit kyrkjeleg miljø, er du from, er du konservativ, er du liberal?" Det var mest som dei spurte meg kva for tak eg hadde levd under.

Og eg kunne ikkje svare på det. Eg visste faktisk ikkje at verda let seg inndele på den måten. Men eg hadde med meg noko frå taka eg hadde levd under: Nemleg at det er lov å sjå på det gamle trauste med nytt lys. At livet vi lever her og no kan vere påverka både av nye tankar og gammal arv. At det er lov å tillate seg å like både det spektakulære og det som er fjellstøtt.

Å skjøne at å vere menneske er at ein kan kjenne seg både liten og stor i møte med det guddomlege og det menneskelege, ja, alt det som gjennom livet formar oss til dei vi er.

Kva risikerer ein når ein let blikket følgje horisonten på himmelen?

Kven møter ein på dei endelause viddene?

Er det farleg å sjå over kanten av stupet?

Kanskje den ein mest risikerer å møte, er seg sjølv. Den ein er, har vorte og er forma til gjennom heile livet. Og sjølv om det er tider ein gjerne skulle ha vore forutan, og tak ein skulle ha ynskt å stange hovudet gjennom for å kjenne seg fri, så blir vi aldri nokon annan enn den livet gjer oss til. Til ein kvar tid er vi heile menneske. Skapte, elska og bore av Gud.

Ragnhild Jepsen

domprost i Nidaros

Musikk NRK P1: Laleh – "En stund på jorden"

Musikk NRK P1+: Aretha Franklin og The Southern California Community choir

– "What a friend we have in Jesus?"

Skog