Hopp til innhold

Morgenandakten torsdag 12. januar

Mennesker er lys

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

"Du har kors i øya, du fru Jepsen!", sa ei jente ein gong til meg. No trur eg eigentleg ho brukte namnet til mor mi, som hadde vore læraren hennes og det ho hadde sett i augene mine var attskinet frå kontaktlinsene. Men likevel! Eg har aldri gløymd det, for eg synes det var fint sagt.

At vi menneske også er berarar av lys, er ikkje vanskeleg å skjøne. Med nokre menneske er det slik at dei liksom stråler av noko godt, av varme, av lys. Då vil eg gjerne vere nær til det mennesket. For det gjev meg så mykje.

De skal vere lys og salt i verda, sa Jesus i Bergpreika; kanskje verdas mest berømte, og den beste talen som nokon gong er halde. Vi skal bere ut til våre medmenneske det lyset som Kristusflammen har tent i oss og som aldri kan slokkast: Flammen som vitnar om kjærleik, tilgjeving og forsoning. - Det vakraste som kan skje mellom menneske.

For med lyset følger håp; håpet om himmelen, håpet om det evige livet, håpet om ein dag å få møte att dei vi har kjær, dei vi var så glad i. For vårt liv er omgjeven av Kristi lys; det lyset som held fram med å skine når livet sloknar.

Det er ikkje alltid vi greier å vitne om lyset med våre liv. Vi kan tenke på at nokon stilte lyset sitt høgt i ein stake, så alle kunne sjå. Dei var trygge og uredde, og lyste opp også våre liv med sine gode ord og handlingar. Det skal vi takke for.

Og vi tenker på dei som ikkje torer å sette lyset sitt så høgt i staken. Men som likevel er gode og varme lyskjelder, og som vitnar om lyset på ein stillfarande måte. Guds lys er også i dei.

Men kanskje må vi også tenke på våre med smerte. Smerte over det som ikkje vart; det vi ikkje fekk sjå. Kanskje er ikkje alt så lyst og godt alltid. Kanskje veit vi at dei stridde eller var einsame. Men også for dei skin Kristuslyset. Det må vi ikkje gløyme.

Vi får ta i mot lyset. Og vi får bringe det vidare. - Som Guds barn og som medmenneske på jorda.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Henning Sommero - "Håpet er ei stjerne"

Skog