Og kanskje er det nettopp dette med å bli sett som gjer at mange liksom sug til seg orda frå velsigninga. For uansett korleis orda fell, så seier dei så tydeleg at Gud ser oss og ynskjer oss godt.
Eg lurer på om det er med oss nordmenn og velsigninga, som det er med oss og kjærleikserklæringar – at vi synes dei let betre, og i alle fall er enklare å seie, når vi kan gjere det på andre språk? Ulempen med det er at vi bruker dei sjeldnare. Og at menneske nær oss kanskje lengtar etter å høyre ord som vi ikkje så lett bruker. Fordelen med det er at når orda først fell, så verkar dei så mykje sterkare! Så skjønar vi at dei verkeleg er meint. Og tidspunktet og staden der orda fall, vil stå att som dyrebart og spesielt.
Eg er heldig som får bruke orda ofte. Og utan at dei mister si kraft. For eg ser korleis dei verkar på menneske – at det er som om Gud på særleg måte blir nær når eg også i samtale med eit menneske kan få seie: Gud velsigne deg. Det ser eg gjer inntrykk. Men det er jo ikkje berre prestar som får velsigne! Slike ord kan vi alle ynskje og seie for kvarandre.
Bibelen er ikkje redd for å bruke ord om velsigning. Tvert om. Der finn vi mange og ulike måtar å ynskje kvarandre Guds nærver og godhet på. Og når vi les forteljingane om dei første kristne, i breva som mellom anna Paulus skriv, skjønar vi at dei nærmast higar og lengtar etter nettopp desse orda: Dei treng å kjenne at Gud er nær. At Gud beskyttar. At Gud elskar.
Ei slik helsing – som i dag også vert vår helsing og velsigning - er frå Paulus sitt brev til kyrkjelyden i Roma. Dei har lengta etter å høyre nytt frå han. No har dei lest brevet. Dei har sugd til seg innhaldet, oppmuntringane, formaningane. Og det beste kjem til slutt, dei gode orda med ynskje om velsigning.
For Paulus skriv:
Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft.
Kanskje dei orda også blir ei velsigning for din dag?
Ragnhild Jepsen
Musikk: Ingunn Grude og Marius Roth Christensen - "Du som elsker".