Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 6. desember

No må eg dra

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Eg går og syng på Ingebjørg Bratlands song: Klokkene kallar. Om ei lita stund skal ho synge for deg. Men eg går og kjenner på korleis det er denne morgonen i adventstida, å opne meg for ein ny song, det er det det er, ei øving i openheit, å lytte seg inn på ein frekvens der eg ikkje har vore før og gjere det med ømheit og nysgjerrigheit.

Kvelden e long no,

gje meg ein song no,

beina er nesten bly.

Uro er i meg,

songen kom fri meg,

lyfte mitt blikk på ny.

No vil eg heim til deg,

klokkene kallar og no må eg dra,

no skal eg heim til deg, ja -

klokkene kallar og no må eg dra.

Å synge ein ny song er som å møte eit nytt menneske. Det første du gjer er å bøye deg i støvet. For du veit ikkje kven den andre er, og vil du vite det, må du spørje og vente, vente og spørje.

Songaren er uroleg, beina er tunge, kvelden er lang. Men der inne bankar eit hjarte, eit lengtande hjarte, "songen kom fri meg", og songaren høyrer klangen av klokker som kallar: Reis heim. Og songaren følgjer klangen, samlar seg, reiser seg, bestemmer seg: No vil eg heim til deg.

Heim til kven? Heim til kva? Det veit vi ikkje. Heim til jul? Heim til familie, foreldre, ein kjærast? Heim til nokon som ventar? Heim til sitt urolege, lengtande hjarte?

Tida skal vende,

under skal hende,

mørker til ljos skal bli.

Barnet har vist oss

mennesket i oss,

signa er joletid.

Eg nynner på Ingebjørgs sang og kjenner klangen av eit menneske som vaknar og kjem til seg sjøl. Slik den bortkomne sonen gjorde i Lukasevangeliet: Eg vil bryta opp og gå heim til min Far. Eg, Geir Gundersen, reiser meg i mitt jordiske liv slik det er nett no, og syng med:

No vil eg heim til deg, Barn. Hjelp meg, så eg ikkje rotar meg bort. Amen

Tekst: Luk.15,17ff

Geir Gundersen

Musikk: Ingebjørg Bratlands - "Klokkene kallar"

Skog