Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 5. september

Sann trøyst

Geir Gundersen i naturen

God morgon!

Når livet brest, når den kjende verda går sund, når vi menneske blir råka av ulukke og liding, opnar det seg eit stort rom der kropp og sjel ropar etter trøyst.

Slik og med vårt medmenneske Job i Det Gamle Testamente. Tre vener høyrer om alt det vonde som har kome over Job – Elifas, Bildad og Sjuah – dei gir seg på veg frå kvar sin heimstad. Dei møttest for å sørgje med han og trøyste han, står det i Job kap.2. Då dei fekk auge på han, kjende dei han ikkje att. Dei brest i gråt. Og høyr desse vakre orda:

"Så sat dei hos han på jorda i sju dagar og sju netter. Ingen sa eit ord til han, for dei såg at hans smerte var stor". Eg ser Job og eg ser dei tre venene. Gråt, nærleik utan ord. Lenge. Lenge. Sterk medkjensle. Djup sorg. Varm trøyst.

Men så brest det for Job, demningane brest, han opnar munnen og forbannar dagen då han er fødd. Han blir skrik og klage og kastar sine klagemål mot Gud. Då brest det for venene og. Dei orkar ikkje å høyre på den skrikande Job, dei orkar ikkje Job lenger, dei byrjar å tale, den eine etter den andre byrjar å refse Job og forsvare Gud mot Jobs klagemål.

Det er eitt av høgdepunkta i Jobsboka dette: når Job ikkje let seg snakke ned av sine rettruande vener – og venene kan sin teologi – Job let all si pine velte fram, nå også som beiske karakteristikkar av venene sine(kap 16): ”Eg har høyrt nok av dette; de er elendige trøystarar alle saman. Blir det ikkje slutt på tomme ord? Eg kunne og ha tala slik som de dersom det var dykkar liv det gjaldt og ikkje mitt. Eg kunne og ha halde fine talar og rist på hovudet av dykk".

Det brest for Job og det brest for venene. Slik det kan breste for oss menneske. Men det er Job som kjempar for livet sitt. Det er han som skal trøystast. Det er han vi skal halde ut saman med. Det er han vi skal halde ut. Og vi skal gjere det saman med den Gud som Job anklager. Det er sann trøyst.

Eg opnar hjartet for den trøysten eg og treng, eg sender Magnus Grønneberg med trøystande ord til alle som kjempar for livet sitt, med Egil Hovlands melodi:

Tårnhøye bølger går langt ifra land.

Tekst: Job 16,1-3

Geir Gundersen

Musikk: Magnus Grønneberg - "Tårnhøye bølger går"

Skog