For dei som deltek i festen er det som endå ein gong å stå ved foten av Sinai og ta imot openberringa av Guds vilje for menneska. Kva er Guds vilje for menneskelivet? Kva er Guds djupaste ønskje for sine skapningar?
Det er også saka i vårt tekstord frå Efesarbrevet, kapittel 4. Paulus skriv sitt kjæleiksbrev til efesarane frå fengelscella, han presenterer seg som ”ein fange for Herrens skuld”. I dei vakre og dirrande orda vi skal lese legg han dei på hjartet det Gud har lagt han på hjartet,
”at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått: mildt, audmjukt og tolmodig, så de ber over med kvarandre i kjærleik. Gjer alt det kan for å ta vare på einskapen i Anden, i den fred som bind saman”.
ein kropp og ein Ande,
liksom de fekk ei von
då de vart kalla,
ein Herre, ei tru, ein dåp,
ein Gud og Far for alle,
han som er over alle
og gjennom alle og i alle”.
Kjære lyttar, trø inn i fengselscella til Paulus. Smak og kjenn det han har fått smake og kjenne: du kan ikkje møte Gud, mysteriet Gud, utan at livet ditt blir forvandla, utan at det oppstår ein ny lengt i hjartet: å leve eit liv i samsvar med smaken av mysteriet. Erfaringa av Gud opnar for ein ny praksis, ein ny levemåte: kjærleiksfull, fredeleg, tolmodig, overberande.
Paulus kjenner seg sjølv og sine vener, kjenner vår felles skrøpelegheit. Han veit at denne forvandlinga må kome frå Gud. Det må skaparmakt og frelsarmakt til, det må nåde til. Men like fullt, han nøler ikkje med eit oppfordrande handlingsspråk: Gjer alt de kan, sats alt de har på dette, å ta vare på den freden de har teke imot og praktisere den i forholdet til kvarandre.
Det er ei enorm kraft i desse orda. Og alle som tek dei til seg, forstår at det handlar om noko større enn indrekyrkjelege forhold. Det handlar om ein ny måte å vere i verda på, om å strekke seg etter ein kjærleik som lik Guds kjærleik ikkje veit av grenser mellom truande og ikkje-truande, han som er over alle og gjennom alle og i alle.
Eg bøyer hovudet og lyfter det opp att. Eg seier med kyrkja sitt gamle språk: Kyrie eleison! Herre, miskunna deg over meg!
Geir Gundersen
Musikk: Prefab Sprout - «Mercy»