Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 21. juni

Å finne attende

Ragnhild Jepsen
Foto: Lars H. Andersen

Eg vart tvungen til å reise heimanfrå. Og eg fann aldri attende.

Det seier den samiske guten som vart teken ut av heimen sin som åtteåring og sendt til skule for å lære eit anna språk enn det som vart hjartespråket hans; det mor hans brukte når ho song han i svevn om kvelden.

Å miste seg sjølv og ikkje finne attende til den ein var meint å vere, det er det største tapet vi kan oppleve. Og det er menneske mellom oss som har opplevd å måtte gje avkall på det mest dyrebare i seg sjølv; det som ligg nærast på hjartet. Det er dei som mista så mykje at dei aldri fann attende.

Til Nidarosdomen i desse junidagane kjem urfolk frå heile verda saman for å dele minne; for å snakke sant om det som fann stad, også i namnet til dei kristne kyrkjene. Og eit avgjerande spørsmål er dette: Kan det umisselege, hjartespråk og identitet som vart frårøva, likevel finnast attende til? Det som er djup lengsel i hjartene våre, men som vi har mista orda for å uttrykke.

Evangelia fortel om ein som lyttar og ser, og møter menneske. Det var det som gjorde Jesus så unik. Han avviste aldri dei som ville gje han noko, anten det var guten med fiskane og brøda; kvinnene som kom med barna sine for at han skulle velsigne dei, eller venene som firte den lamme mannen ned frå taket i eit siste desperat forsøk på å få han frisk.

Jesus tek i mot det dei har å gje, det som kanskje ikkje var så mykje verd i status og pengar, men som handla om deira identitet, deira levesett, deira hjartespråk. Jesus sa ikkje at dei måtte endre seg; at måten dei uttrykte seg på, var feil. Han møtte menneske med oppriktig forventning – dei han møtte kjente seg sett, ivareteke og elska!

Det vi vil gje av vårt eige, med vårt eige hjartespråk, det vert teke godt i mot av Han som velsignar og gjev attende i rikt monn. Om våre gåver er små og puslete i våre auge, vert dei teke i mot og delt med oss attende. Jesus møter oss trygg og raus; han ser og viser omsorg. Men først og fremst elskar han oss slik vi er skapte til å vere. Så vi kan finne attende til oss sjølv.

Ragnhild Jepsen

Musikk: Frode Fjellheim og Marthe Rausand – "Bieejjiem Jih Askem"

Skog