Hopp til innhold

Morgenandakten tirsdag 16. oktober

Ung og hard og mjuk

Geir Gundersen
Foto: Kim Erlandsen / NRK

Matteus 21, 12 - 17

God morgon!

Eg tenkjer på Jesus denne veka. Eller betre: eg tenkjer på han og på meg sjølv.

Kven var denne unge mannen som 30 år gamal steig ut av annonymiteten i Nasaret og byrja si tre år lange gjerning i det offentlege rom? Eg har vore dregen mot Jesus heile livet mitt, i alle mine aldrar, eg har vore og er dregen mot det gåtefulle ved han, spørsmålet om kven han var og kven han er, kan alltid stillast på nytt, er alltid like friskt.

Slik kvart menneske er, når eg tenkjer meg om, ei gåte, ei verd, eit univers, som du aldri kan og aldri skal få tak på.

Han var så ung! Å, Gud, kor ung han var! Kor unge dei var, dei han samla rundt seg, kvinner og menn! Eg ser den unge Jesus, eg ser han stadfeste det unge mennesket, kvinner og menn, lyfte det opp gjennom sin måte å vere i verda på.

Han var ung. Han var mjuk. Han var hard. Han var klar for det han skulle vere og gjere.

Han gjekk inn på tempelplassen, står det i Matteus 21. han dreiv ut alle som selde og kjøpte der. Han velta bordet til pengevekslarane og benkene til dei som selde duer og sa til dei: Det står skrive: Mitt hus skal kallast eit bønehus. Men de gjer det til ei røvarhole.

Den unge mannen Jesus konfronterte Makta og Kulturen. Men han var mjuk, så mjuk mot dei som låg nede. På tempelplassen kom nokre blinde og lamme til han, og han lækte dei. Og borna som også var på tempelplassen og sang sin enkle lovsongar der, dei forsvara han mot sinte skriftlærde.

Eg kan kjenne no kor inspirert eg var av denne unge, mjuke og harde mannen i min eigen ungdom, kor sant og rett det var å følgje han i desse spora, å bry seg om samfunnet og kyrkja i Jesu namn, eg kan kjenne no når eg er 70 år kor rett og sant det alltid vil vere. Eg høyrer songen til Jesu unge mor Maria, Marias lovsong, når ho har sagt ja til kallet sitt. Slik er min Gud, syng ho. Han støytte stormenn ned frå trona og lyfte dei låge opp. Og no har han sett til meg, si tenestekvinne, i min fattigdom.

"Kvifor skulle eg misse motet?" syng Whitney Houston i klassikaren "His Eye is on the Sparrow" som vi snart skal høyre. Ho syng syng fram all den einsemd og sorg eit menneske kan kjenne. Men kvifor la mørket dra meg ned, når Jesus er min del, min trufaste ven. Hans auge kviler på spurven. Eg veit at han ser og vakar over vesle meg.

Geir Gundersen

teolog og tidlegare generalsekretær i Blå Kors

Musikk: Whitney Houston - "His eye is on the sparrow"

Skog